Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Årsplan for 2026-2027

Velkommen til Hunstad barnehage

Hunstad barnehage er ein av sjukehusets fire barnehagar, og har plass til vel 45 barn i alderen 1-6 år. Barna er fordelt på to avdelingar: Ulriken og Løvstakken. Her legg vi til rette for eit inkluderande og stimulerande miljø der barna får utvikle seg i trygge og gode omgjevnader.

En gruppe mennesker iført røde og hvite uniformer og hatter
Gjennom turar i naturen får barna oppleve fellesskap, meistring og glede. I Helse Bergen-barnehagane står trivsel og utvikling i sentrum.

Ein trygg og leiken kvardag

I Hunstad barnehage møter barna varme vaksne, gode relasjonar og eit miljø som gir rom for leik, glede, undring og utvikling. Vi har to aldersblanda avdelingar, Ulriken og Løvstakken, der prosjekt og aktivitetar blir tilpassa barna sin alder, modning og interesser. 

Gjennom kvardagen øver barna på å kjenne att eigne og andre sine kjensler. Å bli trygg på seg sjølv, vise omsorg og regulere kjensler er viktig kompetanse vidare i livet. 

Vi legg særleg vekt på:

  • Trivsel, leik og relasjonar som grunnlag for alt vi gjer. 
  • Gode opplevingar som gir tryggleik, meistring og utvikling. 
  • Glede som vi skaper og deler i fellesskap kvar dag. 
Årsplanen for Hunstad barnehage 2025–2026 gir eit levande innblikk i mål, satsingsområde og arbeidsmåtar. Årsplanen skildrar mål, innhald og arbeidsmåtar for barnehageåret. Arbeidet byggjer på barnehagelova § 1 og dei sju fagområda i rammeplanen.
 
Planen viser korleis barnehagen arbeider med trygge relasjonar, trivsel, leik, læring, daglege aktivitetar, barnesamtalar, relasjonsarbeid og felles temaarbeid gjennom året.

I løpet av året har vi fokus på:

  • Naturen og meg 
  • Gode kvardager 
  • Gode opplevingar ute 
  • Respekt 
  • Bærekraft 
  • Fellesskap 
  • Å glede andre 
  • Barns medverknad 
  • Haust 
  • Tilvenning 
  • Bli kjend 
  • Leik og venskap 
  • Turar i nærmiljøet 
  • Rutinar 
  • Kildesortering 
  • Naturen om hausten 
  • Hauste epla i barnehagen
  • Samle naturmateriell 
  • Oppstart av temaarbeid 

Vinter: 

  • Respekt for manfald 
  • Høgtidar og tradisjonar frå ulike land og kulturar 
  • Jul, å glede andre 
  • Samiske tradisjoner 
  • Respekt for ulikhetar 
  • Venskap 
  • Naturen om vinteren 
  • Aktiv bruk av gjenbruksmateriell og naturmateriall 
  • Karneval/temafest 

Vår: 

  • Kjenslar 
  • Sommerfest med innsamling 
  • Avslutning for førskulebarn 
  • Skulebesøk 
  • Svømming 
  • Turar i skogen 
  • Naturen om våren 
  • Ta vare på naturen 
  • Småkryp 

Sommer: 

  • Avslutning av barnehageåret 
  • Ferieavvikling 
  • Tilvenning 
  • Vennskap 
  • Leik 
  • Naturen om sommaren 

Satsingsområde 

Naturen og meg 

I år har vi valt «Naturen og meg» som tema. 

Arbeid med tema skaper samhald og gir felles referansar på tvers av alder og avdelingar. Dette fremjar samarbeid i personalgruppa og sikrar god ressursutnytting. Hos oss kjenner alle kvarandre, og vi har eit miljø prega av gjensidigheit, respekt og godt samarbeid. 

«Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.»
Barnehageloven § 1 - Barnehagens innhold og formål

Respekt er eit viktig omgrep, og ved å bli kjende med naturen og menneske utviklar vi forståing og respekt for mangfald. Gjennom naturen sitt mangfald og årstidene skaper vi gode moglegheiter for undring, læring og fellesskap. 

Det overordna temaet går gjennom heile året og blir organisert i undertema, slik det kjem fram i årshjulet. 

Utviklingsområde: barns medverknad 

«Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen. Dei skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av verksemda. Synspunkta til barnet skal tilleggjast vekt i samsvar med alder og modnad».
Barnehageloven § 3 – Barns rett til medvirkning

I år har vi valt å styrkje barns rett til medverknad i eigen kvardag gjennom temaarbeid. 

Barns medverknad er eit første steg i læring om demokrati og i opplevinga av å bli anerkjend og lytta til. Ved å anerkjenne barna sine opplevingar og kjensler styrkjer vi sjølvkjensla deira. 

Barn skal møte trygge vaksne som lyttar til både verbalt og nonverbalt språk, og som stadfestar kjenslene og opplevingane deira. Dette legg grunnlag for robuste barn som toler livets opp- og nedturar, og som opplever meistring i eigen kvardag. Leiken er ein viktig arena der tilsette byggjer trygge og gode relasjonar – noko som igjen skaper eit godt utgangspunkt for medverknad. 

Mål og delmål 

Mål 

  • Barna skal medverke i temaarbeidet «Naturen og meg». 
  • Personalet skal utvikle ei felles forståing av omgrepet barns medverknad gjennom arbeid på møte og planleggingsdagar. 

Delmål 

  • Reflektere saman om korleis vi lyttar til barna og brukar innspela deira i planlegging. 
  • Ta barna med i alle fasane: planlegging, gjennomføring og evaluering. 

Arbeidsmetodar 

Bildevegg 

  • Henge opp bilete frå barna sin kvardag. 
  • La barna ta eigne bilete av kvardagen sin i barnehagen. 
  • Følgje opp barnas respons på bileta på veggen og bruke det i vidare planlegging. 

Fleksible planar og aktive vaksne 

  • Fleksible planar ein kan tilpasse barna sine behov. 
  • Aktive vaksne i leik. 
  • Bruk av digitale verktøy i samling, leikegrupper og i leikemiljø. 
  • Kuber eller smart board vert gjort klart om morgonen for å skape eit inspirerande leikemiljø som gjenspeilar temaarbeidet. 

Samlingar, leikegrupper og turar 

  • Morgonsamling kvar dag med val av dagens/vekas hjelpar, dagtavle og tid til å snakke med barna, førebu dei på dagen og det som skal skje. 
  • Felles samlingar på tvers ein gong i månaden, knytt til temaarbeidet i barnehagen. 
  • Leikegrupper med fast start og slutt, knytt til barna sine interesser. 
  • Skape gode relasjonar barn–vaksen og barn–barn. 
  • Turar knytt til tema. 
  • Førskoledag for dei eldste barna ein dag i veka med ulike aktivitetar knytt til tema. 

Bøker og forteljingar 

  • For å skape fellesskap og felles referansar. 
  • Som utgangspunkt for leikegrupper. 
  • Som utgangspunkt for temaarbeid. 

Dokumentasjon 

  • Nyheiter og bilete i Vigilo. 
  • Synleggjere kvardagen til barna gjennom bilete. 
  • Gjennom bildedokumentasjon skal vi skape rom for barns medverknad i temaarbeidet. 
  • Samle, synleggjere og reflektere over det som skjer i det pedagogiske arbeidet med barna gjennom pedagogisk dokumentasjon. 
  • Stille ut bøker vi les i barnehagen. 
  • Pedagogisk plan i Vigilo. 

Vurdering 

  • Relasjonsbarometer kvar høst og kvar vår 
  • Utviklingsarbeid vert evaluert på alle møter 
  • Statussamtalar, avdelingsmøtar, personalmøter, ledermøter, pedagogmøter, assistentmøter, planleggingsdagar 
  • Pedagogisk plan 
  • Evaluering av arbeidet som er gjort knytt til tema og barns medverknad 
  • Brukarundersøkinga 
  • Foreldresamtalar 
  • Barnesamtalar 
  • Praksisforteljingar 
  • Biletedokumentasjon 
  • Barna sine reaksjonar, verbal og non verbal på det som vert hengt opp på veggen av bilete frå barnehage kvardagen 

Solidaritetsprosjekt 

Generasjonsmøte

Gjennom månadlege besøk til Viken aktivitetssenter legg vi til rette for møte på tvers av alder. Desse møta gir barna erfaring med omsorg, glede og fellesskap i kvardagen. 

Sommarfest og innsamling

I mai arrangerer vi sommarfest med barn, personale og føresette som avslutning på solidaritetsprosjektet. Barna får erfaring med å vise omsorg for andre og bidra til fellesskapet. 

Natur og mangfald

Vi har fokus på å ta vare på naturen og kvarandre, og barna blir presenterte for mangfald innan kultur, religion og ulike levemåtar. 

Empati i praksis

Barna får møte menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon, og utviklar empati, toleranse og sosial kompetanse. 

Tradisjonar 

  • Fellessamling kvar månad 
  • Studentar og elevar i praksis i barnehagen
  • Lucia-markering
  • Markering av samisk nasjonaldag
  • Temafest/karneval
  • Symjeopplæring
  • Samarbeid med Viken dagsenter
  • Foreldremøte
  • Turar og kulturaktivitetar
  • Markering av ulike høgtider og tradisjonar som er representert i personal og/eller barnegruppa
  • Avslutningstur og skulebesøk for barna som skal begynne på skulen
  • Sommarfest for personale, barn og foresatte
  • Solidaritetsaksjon 
Sist oppdatert 01.09.2026