Velkommen til Ravnebjerget barnehage
Ravnebjerget barnehage ligg flott til på toppen av Haukelandsbakken, med fin utsikt over byen, nærleik til naturen og gode moglegheiter for turar og opplevingar. Både inne og ute har barna gode område for leik, rørsle og fysisk aktivitet. Barnehagen har fem avdelingar med om lag 72 barn i alderen 1 til 5 år.

Vår visjon
Tydelege vaksne – trygge barn. Her er eg viktig, her høyrer eg til.
I Ravnebjerget barnehage ønskjer vi å gi barna ein god start på livet, prega av tryggleik, omsorg og tilhøyrsle. Vi veit at gode relasjonar er grunnlaget for trivsel og utvikling. Difor møter vi barna med varme, respekt og interesse, slik at dei kjenner seg sette, høyrde og verdsette.
Hos oss skal kvart barn oppleve at dei er viktige. Vi skaper rom for leik, undring og gode opplevingar, og legg til rette for at barna skal få vere seg sjølve, samtidig som dei lærer og utviklar seg i lag med andre. Med trygge og tydelege vaksne rundt seg får barna utforske verda i eit miljø prega av glede, omsorg og fellesskap.
Årsplanen for Ravnebjerget barnehage 2026–2027 skildrar mål, innhald og arbeidsmåtar for barnehageåret. Arbeidet byggjer på barnehagelova § 1 og dei sju fagområda i rammeplanen.
Planen viser korleis barnehagen arbeider med trygge relasjonar, trivsel, leik, læring, kvardagsaktivitetar, barnesamtalar, relasjonsarbeid og felles temaarbeid gjennom året.
Satsingsområde
I 2026 starta vi eit utviklingsprosjekt som vi kallar «Tydelege vaksne». Målet er å skape ein felles praksis i heile barnehagen, der dei tilsette møter barna på ein tydeleg, trygg og anerkjennande måte.
Gjennom felles verdiar, forventningar og arbeidsmåtar ønskjer vi å gi barna ei forutsigbar og trygg barnehagekvardag. Når dei vaksne samarbeider og står samla om dei same måla, opplever barna stabilitet, omsorg og gode rammer for utvikling.
Resiliens – livsmeistring og robustheit
Eit viktig mål i arbeidet vårt er å styrkje barna si resiliens, det vil seie evna til å meistre utfordringar og handtere motgang på ein god måte.
Vi ønskjer å hjelpe barna med å utvikle tru på eigne evner, bygge gode relasjonar og finne løysingar når noko er vanskeleg. Gjennom støtte frå trygge vaksne, gode vennskap og positive erfaringar får barna erfaring med å møte utfordringar og komme styrkte vidare. Dette legg eit viktig grunnlag for livsmeistring, trivsel og vidare utvikling.
Utviklingsområde: Leik og digitale verktøy
Gode dagar for barna
I Ravnebjerget barnehage er målet vårt at alle barn skal oppleve gode dagar fylt med glede, meistring og fellesskap.
Leiken er den viktigaste aktiviteten i barnehagen. Gjennom leik utviklar barna seg, bygger vennskap og utforskar verda rundt seg. Difor legg vi til rette for inspirerande og varierte leikemiljø som gir barna lyst til å leike, lære og meistre.
Leiken har ein sentral plass i kvardagen vår, og vi ser på leiken som verdifull i seg sjølv. Gjennom trygge relasjonar, gode opplevingar og meiningsfulle møte med andre, er vi med på å skape ein trygg og solid grunnmur for livet.
Mål og delmål
Mål
- Barna skal oppleve gode relasjonar, fellesskap og vennskap.
- Personalet skal utvikle ein felles pedagogisk praksis der barna møter trygge, tydelege og nærverande vaksne.
Delmål
- Gi barna erfaringar med ulike og inspirerande leikemiljø.
- Leggje til rette for at barna får møte og leike saman på tvers av kjønn, alder og avdelingar gjennom ulike leikegrupper.
- Vidareføre utviklingsprosjektet «Tydelege vaksne» og skape ei felles forståing av dette hos alle tilsette.
- Styrkje barna si deltaking i leik og fellesskap gjennom aktiv støtte og rettleiing frå dei vaksne.
- Skape inkluderande leikemiljø der alle barn opplever å høyre til og vere viktige deltakarar i fellesskapen
Arbeidsmetodar
For å nå måla våre arbeider vi med å:
- Leggje til rette for inspirerande og innbydande leikemiljø kvar dag.
- Gi barna moglegheit til medverknad ved å lytte til tankane, behova og perspektiva deira.
- Organisere leikegrupper på den enkelte avdelinga.
- Organisere leikegrupper på tvers av avdelingane.
- Vere aktive vaksne som deltek i leiken, støttar barna og set tydelege og trygge grenser.
- Utforske og ta i bruk ulike leikemiljø, både inne og ute.
- Samtale og reflektere saman med barna om vennskap, inkludering og leik.
- Støtte barna i å byggje gode relasjonar og utvikle sosial kompetanse.
- Skape møteplassar der barna får oppleve fellesskap, meistring og tilhøyrsle.
Gjennom desse arbeidsmåtane ønskjer vi å skape eit inkluderande miljø der alle barn får høve til å utvikle seg, delta i fellesskapen og oppleve glede i leiken.
Dokumentasjon
For å synleggjere kvardagen i barnehagen og utviklinga til barna, bruker vi ulike former for dokumentasjon:
- Dele nyheiter, informasjon og bilete i Vigilo.
- Skrive praksisforteljingar som viser opplevingar, læring og utvikling i kvardagen.
- Gi barna moglegheit til å fortelje om eigne opplevingar og erfaringar frå barnehagen.
- Utarbeide og dele pedagogiske planar i Vigilo.
- Dokumentere prosjekt, aktivitetar og leik gjennom tekst, bilete og samtalar.
- Bruke dokumentasjon som grunnlag for refleksjon og vidare planlegging av det pedagogiske arbeidet.
Dokumentasjonen gir innblikk i livet i barnehagen og bidreg til godt samarbeid mellom barnehagen og heimane.
Vurdering
For å sikre at vi utviklar oss og når måla våre, vurderer vi arbeidet jamleg gjennom heile året. Vurderingane hjelper oss med å vidareutvikle både det pedagogiske arbeidet og utviklingsprosjekta våre.
Vi vurderer arbeidet gjennom:
- Evaluering på avdelingsmøte, pedagogmøte, personalmøte, leiarmøte og planleggingsdagar.
- Felles refleksjon over korleis vi møter og støttar barna i kvardagen.
- Barnesamtalar.
- Observasjonar av barn, leik og samspel.
- Foreldresamtalar og tilbakemeldingar frå føresette.
- Brukarundersøkinga.
- Praksisforteljingar.
- Erfaringsdeling mellom dei tilsette.
- Bruk av skjema som «Hjartebarn» og «Fargebarn» for å sikre at alle barn blir sette og følgde opp.
Vi reflekterer særleg over:
- Korleis vi er tydelege, trygge og anerkjennande vaksne.
- Korleis vi følgjer opp dei felles avtalane og måla i utviklingsprosjektet «Tydelege vaksne».
- Korleis vi set tydelege og omsorgsfulle grenser.
- Korleis vi skaper gode og inkluderande leikemiljø.
- Korleis vi sørgjer for at alle barn blir sette, høyrde og verdsette.
- Korleis vi legg til rette for vennskap, fellesskap og gode relasjonar.
Gjennom kontinuerleg vurdering og refleksjon ønskjer vi å skape ein best mogleg barnehagekvardag for alle barna i Ravnebjerget barnehage.
Solidaritetsprosjekt – å glede andre
Hausten 2024 innleia vi samarbeid med Kolstihagen sjukeheim. Dette er vårt solidaritetsprosjekt – med mål om å glede andre.
Vi besøker Kolstihagen jevnleg, og barna utviklar gode haldningar og omtanke for andre menneske. Det blir skapt band mellom generasjonar gjennom songar, leiker og tradisjonar som er kjende for alle. Lorenzo og Marte har ansvar for prosjektet, og fleire avdelingar kan ta del i prosjektet utover året. Vi vurderer prosjektet to gonger i året for å sjå korleis det fungerer og kven som deltek.
Vi markerar FotballtrøyeFredag
Fredag 28. mai 2027 markerar vi FotballtrøyeFredag – ein nasjonal solidaritetsaksjon i regi av Barnekreftforeningen.
Formål: Støtte kampen mot barnekreft og bidra til innsamling av midlar til forskning
Denne dagen blir arbeidsplassar, skular og barnehagar over heile landet inviterte til å ta på seg favorittfotballdrakta si for å vise støtte til kampen mot barnekreft og bidra til livsviktig forsking.
Vi ønskjer å skape ein fargerik og inkluderande dag i Ravebjerget barnehage. Barna kan ha med si eiga fotballdrakt heimanfrå eller kome i vanleg T-skjorte.
Gjennom gode samtalar og kreative formingsaktivitetar set vi søkjelys på fellesskap og solidaritet. Barna lagar mellom anna sine eigne felles fotballtrøyer på avdelingane. Slik ønskjer vi å vise at vi alle er på same lag i kampen mot barnekreft.
Les meir om FotballtrøyeFredag her (barnekreftforeningen.no)
Tradisjonar
I Ravnebjerget barnehage tek vi vare på tradisjonar og markerer ulike dagar og høgtider gjennom barnehageåret. Dette gir barna gode opplevingar, fellesskap og kjennskap til kultur, mangfald og tradisjonar.
| August |
|
| September |
|
| Oktober |
|
| November |
|
| Desember |
|
| Februar |
|
| Mars |
|
| Mai |
|
| Juni/juli |
|
| Sommar |
|
Sommarbarnehage i samarbeid med dei andre barnehagane i Helse Bergen.
Nærare informasjon om aktivitetar og markeringar blir gitt i avdelingane sine månadsplanar.e informasjon om dette i avdelingane sine månadsplanar.