Velkommen til Vinterdalen barnehage
Vinterdalen barnehage ligg like ved Sandviken sjukehus, med god utsikt heilt opp i skogkanten. Vi har fire avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi legg vekt på å bygge gode relasjonar mellom menneska i barnehagen.

Trygghet og tilhørighet for livsmestring og resiliens
Årsplanen for Vinterdalen barnehage 2026–2027 skildrar mål, innhald og arbeidsmåtar for barnehageåret. Arbeidet byggjer på barnehagelova § 1 og dei sju fagområda i rammeplanen.
Planen viser korleis barnehagen arbeider med trygge relasjonar, trivsel, leik, læring, kvardagsaktivitetar, barnesamtalar, relasjonsarbeid og felles temaarbeid gjennom året.
Satsingsområde
Realfag: Små steg i utforsking – nysgjerrige og robuste barn
Vårt hovudmål er å legge til rette for utforsking av små og store spørsmål og fenomen i kvardagen for barn som ikkje er redde for utforske, prøve og feile. Matematikk, realfag og digitale verktøy vil stå sentralt i utforskinga.
Eit viktig mål er å utvikle trygge og inkluderande fellesskap der barna lærer å samarbeide, vere uthaldande og ha tru på eigne og felles evner. Vaksne spelar ei sentral rolle i å støtte barna når dei møter motstand, og i å oppmuntre dei til å prøve igjen. Slik vert det lagt eit godt grunnlag for vidare læring og utvikling.
Gjennom varierte realfaglege aktivitetar i leik og kvardag får barna utforske med både kropp, sansar og tankar. Dei får bruke praktiske og digitale verktøy, til dømes Do:Be og SmartTV, som kan vere med på å utvide perspektiva deira og styrkje den digitale kompetansen i eit aktivt fellesskap.
I arbeidet med matematisk kompetanse tek vi utgangspunkt i Bishops seks fundamentale matematiske aktivitetar: å telje, å lokalisere, å måle, å designe, å leike og å forklare. Desse aktivitetane vert integrerte i kvardagen på ein leikande og meiningsfull måte, slik at barna får eit breitt erfaringsgrunnlag. Samstundes arbeider personalet systematisk med fagleg utvikling gjennom prosjektarbeid, slik at alle tilsette får styrkt kompetansen sin innan matematikk og realfag for dei yngste barna. Dette sikrar eit medvite og heilskapleg arbeid til beste for barna si utvikling.
Mål og delmål
Mål
Vi skal skape lærelyst gjennom utforsking, matematikk, realfag og digitale verktøy
Delmål
- Barna skal utforske spørsmål og fenomen gjennom leik og undring.
- Barna skal oppleve trygge fellesskap og utvikle samarbeid, uthald og meistringstru.
- Barna skal møte matematikk og realfag gjennom leik og praktiske erfaringar.
- Barna skal bruke digitale verktøy til utforsking, kreativitet og læring.
Arbeidsmetodar
- Personalet legg til rette for å gi barna dagleg erfaring med å setje ord på matematiske begrep i daglege aktivitetar.
- Barn og vaksne utforskar ilag det vi undrar oss over av samanhengar kring oss. Ta utgangspunkt i det barna syner interesse for.
- Personalet brukar digitale verktøy ilag med barna på ein måte som skapar utviklande aktivitet både psykisk og fysisk.
- Bruke digitale verktøy i felleskap, på ein måte som gjer at alle vert inkludert.
- Personalet dokumenterer gjennom bilder eller gjenstandar som står framme og synlgeggjer realfaglege begrep og prosessar borna har delteke i. Slik vert barna sjølve påminna om det vi har gjort og kan bli inspirert til nye utforskingsprosjekt.
- Personalet legg til rette for at barna får høve til å sjølve ta initiativ til utforsking og eksperimentering. Materiale vert lagt tilgjengeleg og personalet responderer på barna sine innspel.
Dokumentasjon
Barnehagen ynskjer å synleggjere korleis vi observerer og er i dialog med barna på deira modningsnivå slik at vi fangar opp kva som er viktig for dei. Eit særskilt fokus i dokumentasjon av barneperspektivet er korleis barn får medverke i aktivitetar og utforsking av matematikk, realfag og digitale verktøy. Barna har ulike uttrykksformer som kan hjelpe dei å gi til kjenne kva dei er opptekne av og kva som engasjerer dei, og dei uttrykker glede når me responderer på deira signal og ynskjer gjennom kvardagen. I vekesbrev og på veggar vil de finne bilder og fortelijingar som gjenspeglar dette.
I månadsplanen får de innblikk i dei store linjene i planlegginga vår og informasjon om kva barnegruppa har vore opptekne av den siste tida. Dette er eit fagleg dokument som synleggjer korleis kvar avdeling arbeidar i tråd med rammeplan og årsplan.
Barna set stor pris på å sjå og fortelje om det dei er opptekne av, og vi heng jamnleg opp dokumentasjon på veggane med arbeid som gjenspeglar ulike tema vi arbeider med eller leiketema barna er særskilt opptekne av. Bileta oppmuntrar barna til å fortelje og slik gjenskape og forsterke gode minner.
Vurdering
Avdelingane vurderer måloppnåing gjennom formsskjema i oktober, desember, februar og april. Tema er basert på brukarundersøkinga og det barnehagen valde som punkt til bevaring og punkt til forbedring. Barnas sosiale utvikling er noko foreldra gav høg skår, og avdelingane skildrar konkrete døme på korleis barnehagen bidreg til sosial utvikling for barn i ulik alder. Foreldre gav meir ujamn skår på opplevinga av barna sin medverknad. Avdelingane vil gi konkrete døme på korleis barn med sine ulike uttrykk medverkar til pedagogisk innhald i barnehagen.
Solidaritetsprosjekt
Sykehusklovnene
Barnehagen har årlig ein innsamlingsaksjon som dei siste åra har gått til inntekt for sykehusklovnene som gjennom leik og humor tryllar fram smil og latter i ein kvardag som elles kan vere både skremmande og smertefull. Sykehusklovnene mottar ikkje fast statleg støtte og vert utelukkande finansiert gjennom innsamla midlar.
I februar har vi klovnefest med klovnerier, musikk og god mat. Barna kler seg i fargerike klede for anledninga. I dagane før festen har vi gjennom film, samtale og leik fokus på korleis det kan vere for barn på sjukehus. Fargar, tull og tøys kan gjere livet lettare når du er sjuk og har det vondt.
Tradisjonar
- Brannvernveke veke 38
- Halloweenfest 30. oktober
- Julegrantenning med føresette i barnehagen 1. desember 2026
- Luciafeiring 11. desember
- Nissefest 17. desember
- Samenes nasjonaldag 6. februar
- Klovnefest og solidaritetsaksjon til inntekt for sykehusklovnene
- Sommerfest med føresette i barnehagen onsdag 9. juni 2027