Velkommen til Vognstølen barnehage
Vognstølen barnehage ligg sentralt ved Haukelandsvegen og har frodig, variert og utfordrande leikeplass som er godt skjerma frå vegen. Her møter de tilsette med mykje kunnskap om barn og deira utvikling. Vi er opptekne av at barndommen har eigen verdi, og at dagane skal vere prega av gode opplevingar der leik, humor og glede står sentralt.

Årsplan for Vognstølen barnehage
Årsplanen for Vognstølen barnehage 2026–2027 skildrar mål, innhald og arbeidsmåtar for barnehageåret. Arbeidet byggjer på barnehagelova § 1 og dei sju fagområda i rammeplanen.
Planen viser korleis barnehagen arbeider med trygge relasjonar, trivsel, leik, læring, kvardagsaktivitetar, barnesamtalar, relasjonsarbeid og felles temaarbeid gjennom året.
- utøve digital dømmekraft når det gjelder informasjonssøk, ha et bevisst forhold til opphavsrett og kildekritikk og ivareta barnas personvern
- legge til rette for at barn utforsker, leker, lærer og selv skaper noe gjennom digitale uttrykksformer
- vurdere relevans og egnethet og delta i barnas mediebruk
- utforske kreativ og skapende bruk av digitale verktøy sammen med barna
Leik er barna sin viktigaste aktivitet, det er lystprega og oftast initiert av barna sjølve. Leik er beste arena for å utvikle språk og kommunikasjons- evner, vennskap, rolletaking og evne til samarbeid. Gjennom leiken får barna m.a. arbeide seg gjennom ulike tema dei er opptekne av, eller vanskelege opplevingar dei treng omarbeide.
Som ein av fleire metodar bruker vi ulike digitale verktøy for å skape eit spanande og inspirerande leike -og læringsmiljø som er med å utvide barna sitt leike-repertoar og fremje digital praksis. Barn er grunnleggjande nysgjerrige på omverda, og digitale verktøy spelar ei stadig større rolle i livet deira. Det er personalet sitt ansvar å invitere barna med i utforsking av digitale verktøy som produsentar og medskaparar, ikkje kun som konsumentar.
"Barnehagen sin digitale praksis skal bidra til leik, kreativitet og læring hos barna. Når digitale verktøy blir brukte i det pedagogiske arbeidet, skal dei støtte barna sine læreprosessar og vere med på å oppfylle måla i rammeplanen om eit rikt og variert læringsmiljø for alle barn. Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna. Samstundes skal digitale verktøy brukast med omtanke og ikkje dominere som arbeidsmåte. Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei grunnleggjande etisk forståing knytt til digitale medium."
Leik og digitale verktøy
Rammeplanen fremhevar at personalet skal vere aktive deltakarar saman med barna i utforsking, leik, læring og skapande aktivitetar gjennom digitale uttrykksformer. Gjennom nærvær, rettleiing og medverknad skal personalet utforske kreative og skapande måtar å bruke digitale verktøy på i lag med barna.
I Vognstølen barnehage ser vi på leik som barna sin viktigaste arena for trivsel, læring, vennskap og utvikling. Digitale verktøy skal vere eit supplement til den fysiske leiken og bidra til å skape inspirerande leike- og læringsmiljø. Gjennom aktive vaksne og medskapande bruk av digitale verktøy skal barna få utforske, skape, undre seg og utvikle digitale ferdigheiter i tråd med alder og modning. Vi ønskjer at barna skal vere produsentar og medskaparar, ikkje berre konsumentar av digitale uttrykk. Dette arbeidet skal bidra til å styrkje kreativitet, kommunikasjon, samarbeid og deltaking i fellesskapet.
Mål
Delmål
- Barna skal oppleve at digitale verktøy er ein naturleg del av leik, utforsking og læring i barnehagen.
- Personalet skal utvikle ein felles pedagogisk praksis der digitale verktøy vert brukte med fagleg kompetanse og kritisk refleksjon,
- Gi barna erfaringar med å utforske og skape eigne digitale uttrykk.
- Bruke digitale verktøy som støtte til språk, kommunikasjon, venskap og leik.
- Leggje til rette for at digitale og analoge aktivitetar utfyllar kvarandre.
- Utvikle personalet sin kompetanse innan digital praksis og digital dømmekraft/ skape felles forståing for omgrepa og kva vi i Vognstølen barnehage meiner er ein god digital praksis
Arbeidsmetodar
- Kubar og Prowise-skjerm vert nytta fast kvar veke på kvar avdeling for å støtte opp om barna sine interesser, utforsking og leik.
- Leggje til rette for for prosjekt og leik som kombinerer fysiske materiale og digitale verktøy.
- Aktive vaksne som tar del i leik, støttar utforsking og byggjer vidare på barna sine initiativ.
- Utforske naturfenomen, insekt, planter og gjenstandar gjennom bruk av digital lupe.
- Lage digitale forteljingar saman med barna.
- Felles samlingar på tvers av avdelingane kvar fredag der digitale verktøy kan nyttast til formidling, undring og fellesskap.
- La barna fotografere eigne opplevingar i barnehagen.
- Reflektere saman over korleis digitale verktøy kan styrkje leikemiljøet.
- Nyheiter og bilete i Vigilo. Synleggjere barna sin kvardag gjennom bilete og/ eller praksisforteljingar.
- La barna fotografere eigne opplevingar i barnehagen.
- Dokumentasjon av barna sine eigne digitale uttrykk og prosjekt. Utstilling av bilete, kunstverk og prosjekt på avdelingane.
- Pedagogiske planar i Vigilo.
- Evaluering av utviklingsarbeidet på avdelingsmøte, pedagogmøte, personalmøte, leiarmøte og planleggingsdagar.
- Felles refleksjon over korleis digitale verktøy påverkar leik, relasjonar og læring.
- Barnesamtalar og observasjon av barna si deltaking og engasjement.
- Foreldresamtalar og tilbakemeldingar frå føresette.
- Brukarundersøking.
- Praksisforteljingar
- Vurdere korleis barna nyttar digitale verktøy som medskaparar og ikkje berre som konsumentar.
- Erfaringsdeling mellom avdelingane for å utvikle felles praksis og kompetanse.
- Vurdere om dei digitale ressursane som vert nytta er pedagogisk relevante og eigna for barna.
Digitale verktøy vi nyttar sammen med barna:
- do:be kubar (dobe.no)
- Prowise-skjerm (interactive.no)
- Digital lupe
- Telefon og PC
Solidaritetsprosjekt
Forut
Under arbeidet med FORUT (forut.no) i januar blir barna kjende med barn frå andre delar av verda gjennom forteljing, film og bilete. Barna føl Sanjana, som no er blitt 5 år, og får ta del i hennar draumar om kva ho skal bli når ho blir stor. Gjennom det pedagogiske opplegget til FORUT blir barna kjende med kvardagen hennar, og ser at barn kan ha det godt, leike og ha det moro sjølv om dei lever i materiell fattigdom. Tema blir avslutta med «Ope hus» kor vi har Soldaritetskafè og loddsal til inntekt for Forut laurdag 6. februar.
Tradisjonar
- Felles sangstund kvar fredag
- Brannvernveke i september
- Kroppen min, eg og familien min
- Luciafeiring - førskulebarna går luciatog
- Adventsstund og Nissefest
- FORUT – solidaritetsprosjekt
- Markerer samane sin nasjonaldag 6. februar
- Karneval / temafest
- Vår og påskeaktivitetar
- 17. Mai markering
- Symjeopplæring for førskulebarna
- Avslutning/ kino for førskulebarna
- Sommarfest med føresette i barnehagen 2. juni
- Det kjem nærare informasjon om dette i avdelingane sine månadsplanar.