Tenestetilbodet vårt
Dokumentasjonsavdelinga sine tenester er tilgjengelege for heile føretaket.
Innsyn i journal
Vi leverer ut pasientjournal til pasient eller pasienten sin representant etter førespurnad.
Arkivtenesta
Vi journalfører all post til og frå Helse Bergen, handsamar føretaket sitt postmottak, arkiverer personalmapper, og står for kundeservice, kurs og opplæring i sakarkivsystemet Elements.
Skannetenesta
Vi skannar, importerer eller videresender pasientdokumentasjon for heile Helse Bergen, i den elektroniske pasientjournalen DIPS.
- Pasientrelatert post blir skanna/importert og tilvisingar registrert. Dokumenta blir vidareformidla elektronisk til dei ulike avdelingane i sjukehuset.
- Papirdokument produsert i dei ulike avdelingane under sjukehusopphaldet blir skanna.
- Dei fleste dokumenta vil verte tilgjengeleg for pasienten via helsenoreg.no tolv dagar etter skanning.
Sekretærane i Mottaksklinikken

Vi leverar helsesekretæroppgåver til Mottaksklinikken. Mellom anna registrerar vi alle strakshjelp-pasientar i pasientjournalsystemet DIPS og Meona.
Vi bemannar resepsjonen i Akuttmottaket og tek blodprøvar i triageteam. I tillegg leverer vi ein postsekretær i Korttidsposten og ein til kvar av utgreiingspostane.
Alle våre sekretærar går i døgnturnus.
Posttenesta
Vi leverer, hentar inn, og sorterer brevpost og internpost til avdelingane på Haukelandsområdet. Utgåande post frå føretaket vert frankert og sendt ut. I tillegg sorterer og pakkar vi brevpost som skal sendast via Rutepost til legekontora.

Skrivetenesta
Vi gjer avskrift av lydfiler med pasientdokumentasjon inn i DIPS, samt kvalitetssikrar dokumentasjon og utskrifter før utsending.

Depotet
Vi vurderer arkivverdig materiale, legg til rette for forsking, gjer innsyn i pasientjournalar, og forvaltar arkivet i tråd med lovverket.

Sist oppdatert 26.07.2024