Vil du jobbe hos oss?

Dokumentasjonsavdelinga held til i Møllendalsbakken 7. Hos oss møter du dyktige tilsette som bidreg til godt arbeidsmiljø, er engasjert i samfunnsoppdraget og er stolte av jobben dei gjer.

Kva slags bakgrunn treng du?

I avdelinga vår finn du eit vidt spekter av utdanningsbakgrunnar. Dei fleste tilsetje er per i dag medisinske sekretærar eller helsesekretærar. Andre igjen har fagskule, høgskule, universitet eller profesjonsstudium på CVen. Samstundes har vi tilsetje som har kome til oss via sal og service, helse og sosial, kontor og merkantilt arbeid og ikkje minst arkivrelaterte jobbbar.

Vårt oppdrag

Vi er involvert kvar gong ein pasient kjem til konsultasjon eller vert innlagt. Jobben vår er stort sett i kulissane, der vi ser til at enorme mengder med informasjon vert kvalitetssikra og gjord tilgjengeleg for dei som treng det.

I avdelinga vår har vi behov for ulike mennesketypar. Her treng vi både dei som likar å jobbe konsentrert og åleine med rutinearbeid, og dei som ønskjer å jobbe utettervendt med kundekontakt og problemløysing i team. Ein ting vi alle må ha felles er evne og vilje til å tilpassa oss nye oppgåver. Sjukehuset sitt behov endrar seg raskt, og det same gjer våre oppgåver.

Arbeidsoppgåver 

I avdelinga vår skannar vi pasient-, saks- og personaldokumentasjon i DIPS og Elements. Vi skriv og diktat for legar på sjukehuset.

Posttenesta tek imot og sendar ut all post. Depotet tek i mot papirmateriale, vurderar arkivverdig materiale, legg til rette for forsking og låner ut pasientjournalar til legar ute på avdelingane.

Nokre av sekretærane våre har arbeidsstad i Mottaksklinikken, som er dei einaste med direkte pasientkontakt. Her har vi ulike oppgåver, mellom anna registrering av akutthjelp i Dips og Meona, blodprøvetaking og postsekretærarbeid. 

Vi har og ein Innleggingstelefon. Dette er ei teneste der fastlegar, legevaktslegar, sjukeheimslegar og liknande ringjer inn for å leggje inn pasientar som ikkje krev ambulanse.

Sist oppdatert 27.09.2024