Telefoni Hospitaldrift

Hospitaldrift telefoni har ansvaret for sentralbordtenesta ved Haukeland universitetssjukehus. På kveld, natt og i helger overtek eininga også sentralbordtenesta for Voss sjukehus og Kysthospitalet i Hagevik.

Medarbeidarane i Hospitaldrift telefoni har god kjennskap til Helse Bergen som organisasjon og kva som sorterer under den enkelte avdeling. Dette set oss i stand til å gje brukarane ein sikker, god og effektiv service. 
Hospitaldrift telefoni ekspederer om lag 2700 eksterne og interne samtaler per dag.

Einingsleiar

Frode Hamre

Slik finn du fram

Møllendalsbakken 7

Møllendalsbakken 7

5021 Bergen

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.