Har du behov for forbruksmateriell frå BHM?
Alle pasientar som har fått utdelt utstyr til heimebehandling frå Helse Bergen kan bestille nytt forbruksmateriell etter behov.
Bestill i god tid, minumum 1 uke før du treng påfyll.
Bestilling av forbruksmateriell
-
Via Helsenorge.no
Steg for steg : Slik kontaktar du oss via helsenorge.no
-
Via telefon
Du kan kontakte oss via telefon (55 97 41 77) innanfor opningstidene, for bestilling eller rettleiing.
-
Dialogmelding for kommunale tenester
Kommunale helsetenester kan bestille forbruksmateriell til pasient ved å sende dialogmeldingar direkte til "Behandlingshjelpemidler" gjennom pasienten sin journal.
Sjå retningslinjer for riktig bruk:
Levering av forbruksmateriell
-
Post
Vi sender bestillinga til deg i posten. Du vil motta hentemelding frå Posten når pakken er klar til henting på din lokale hentestad.
Leveringstid varierer frå to til fem arbeidsdagar. Dersom varene ikkje er på lager, må det bereknast noko lengre leveringstid.
-
Henting i lokala våre
Dersom det hastar, kan du hente varene i lokala våre.
Bestillinga må gjerast innan kl. 12 dagen før ønsket hentedato. Du må hente varene innan to dager, for å unngå at dei blir sende tilbake til lageret vårt.
-
Heimlevering
Ved store bestillingar, kan du avtale heimlevering med sjåfør. Bestillinga blir levert mellom kl. 09:00 og kl. 15:00, og du må være heime på avtalt leveringsdag.