Interiør foajeen i Sentralblokka og venteareal for pasientreiser. Foto

Pasientreiser

Avdeling for pasientreiser ordnar og legg til rette transport ved reise med rekvisisjon, tar imot flybestillingar, gir rettleiing i regelverk for pasientreiser og vurderer trafikalt behov for rekvisisjon. Har du spørsmål eller treng du hjelp i samband med din pasientreise kan du finne meir informasjon om pasientreiser i Helse Bergen her. Du kan også ta kontakt med oss på telefon 05515.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:00 - 19:00
  • Tysdag 07:00 - 19:00
  • Onsdag 07:00 - 19:00
  • Torsdag 07:00 - 19:00
  • Fredag 07:00 - 19:00
  • Laurdag 09:00 - 15:00
  • Søndag STENGT
Heilagdagar stengd

Opningstider i sommerperioden 1.juli - 9.august:

05515 | 55 55 96 30
Måndag-fredag kl. 08.00 - 16.30 Laurdag kl. 09.00 – 15.00

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for pasientreiser
Postboks 1400
5021 Bergen

Praktisk informasjon

Då ønsker vi at du melder i frå til oss.

 
Du kan sende ei tilbakemelding til vår postadresse eller på e-post via e-dialog​ (for sikker sending av e-post via ID-porten)​.  Merk sendinga med "pasientreiser".
 
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for pasientreiser
Postboks 1400
5021 Bergen
 
Dersom noko skulle oppstå i forkant eller under reisa ønsker vi at du kontaktar oss så fort som mogleg på telefon 05515 .
 
 
 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Aktuelt