Parkering

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, om å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta bybane eller buss det siste st​ykket opp til Haukeland​.

​For dei som av ulike å​rsaker må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Det er og mogeleg å parkere i parkeringsanlegget til Haraldsplass diakonale sykehus som ligg rett nord for Haukelandsområdet. 

Parkerin​g på Haukelandsområdet

Det største området der pasientar kan parkere er parkeringsdekket i Sentralblokka. I tillegg er det eit parkeringshus på sjukehusets hovudområde, like etter innkjøyringa til sjukehusområde​ ved Haukeland hotell (pasienthotellet), samt enkelte spreidde parkeringsplassar i sjukehusparken og i underetasjen til Haukeland hotell.

Det er også parkering i Glasblokkene, med reserverte parkeringsplassar for dei fødande som skal til Kvinneklinikken.

Sjå kart med merka parkeringsplassar på Haukelandsområdet (PDF)

Haukeland universitetssjukehus nyttar det billettlause parkeringssystemet Sesam Sesam og EasyPark på dei fleste områda på Haukeland og på Sandviken. I Glasblokkene og på Kronstad kan du benytte både parkeringssystemet Unum og EasyPark. Eit kamera registrerer køyretøyet når du køyrer inn og ut av parkeringsområdet, og du treng ikkje å løyse billett.

Betaling med Sesam Sesam: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Sesam Sesam-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat. Les meir om betaling og Sesam Sesam på nettsidene deira

Betaling i Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Betaling i EasyPark: Du kan laste ned EasyPark appen og registrere bilen din før du parkerar, då skjer betalinga automatisk. Les meir om betaling og EasyPark på nettsida deira.

Du kan og betale med både kort og myntar i betalingsautomatane. Parkeringsanlegga er bemanna heile døgnet. Du må hugse registreringsnummeret på bilen din når du skal betale.

Ulovleg parkerte bilar får kontrollavgift og kan bli taua bort for eigar si rekning.

 

  • Sentralblokka - høgde 3 meter
  • Sentralblokka Plan A, B og C (under Laboratoriebygget) - høgde 2.2 meter
  • P-hus hovudområde Plan U og 1 - høgde 2.1 meter
  • P-hus hovudområde Plan 2 - fri høgde
  • Parkering Haukeland hotell - høgde 2 meter

  • Kvardager:
    Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering)
    Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
    Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

  • Laurdag og søndag på Haukelandområdet: 
    kl. 08-21: Kr. 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
    Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
    (samanhengande parkering)
  • Pårørandekort  Kr 350,- per veke eller for 7 inn- / utkøyringar  ​
  • Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar

Glasblokkene

Prisar for parkering på plassen mellom Glassblokkene 1-4-og Glassblokkene 5-8.

Kl. 8-17: Kr 10,- pr. påbegynt 10 minutter. Maks kr. 250,- pr. døgn.

Kl. 21-08: Kr 10,- pr. påbegynt 10 minutter. Maks kr. 60,- pr. Natt.

For pasientar, pårørande og andre besøkande som skal parkere på Haukelandsområdet, Kronstad eller i Sandviken, er det fleire betalingsalternativ å velje mellom:

For parkering på Haukelandsområdet (unntatt Glasblokkene) og Sandviken:

  1. Du kan laste ned Sesam Sesam-appen og registrere bilen din før du parkerer, då skjer betalinga automatisk.
  2. Du kan registrere bilen din på nettsidene til Sesam Sesam og betale innan 48 timar etter avslutta parkering.
  3. Du kan betale for parkering i betalingsautomat. Du kan bruke både kort og myntar i automaten.
  4. Du kan parkere utan å registrere deg, da får du faktura i posten etterpå. Det er fakturagebyr pålydande 19 kr (januar 2022) for å få tilsendt faktura for parkering i posten.

For parkering i Glasblokkene og Kronstad:

  1. Du kan laste ned Unum-appen og registrere bilen din før du parkerer, då skjer betalinga automatisk.
  2. Du kan registrere bilen din på nettsidene til Unum og betale innan 48 timar etter avslutta parkering.
  3. Du kan betale for parkering i betalingsautomat. Du kan bruke både kort og myntar i automaten.
  4. Du kan parkere utan å registrere deg, da får du faktura i posten etterpå. Det er fakturagebyr pålydande 19 kr (januar 2022) for å få tilsendt faktura for parkering i posten.

For parkering på alle områdene til Helse Bergen: 

  1. Du kan laste ned EasyPark appen og registrere bilen din før du parkerar, då skjer betalinga automatisk.
  2. EasyPark tar eit servicetillegg på 15 % av parkeringsprisen, minimum kr. 4,90. Dette kommer i tillegg til parkeringsavgifta.

 

For el-bilar og hybridbilar finst det 19 ladeplassar for besøkande med behov for å lade i parkeringsområdet under Sentralblokka, her finst ei rekke plassar på vestsida før ein køyrer ut av parkeringa. I tillegg finst det 2 plassar ved Kvinneklinikken og 7 plassar i underetasjen i parkeringshuset i sjukehushagen, rett etter innkøyringa ved Haukeland hotell. Ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken er det 4 ladeplassar for el-bilar og hybridbilar.

Lading på ladeplassane er gratis, men ein må betale vanleg parkeringsavgift. Ladeplassane er for dei som har behov for å lade, og har ladebokser med Schuko kontakt og ladehastighet på 10 amper.​​

Det er gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar. Det er MC-parkering etter innkøyring ved Sentralblokka i sør, vis-à-vis røykerom ved inngangen til Sentralblokka i aust

Det er 6 parkeringsplasser innendørs for MC i Glasblokkene.

På haukelandsområdet er det sykkelparkering for pasientar og pårørande / besøkande like ved inngang sør til Sentralblokka. 

Sykkelparkering og stativ på murvegg. Foto

Sykkelparkering for pasientar, pårørande og besøkande finn du ved inngang sør til Sentralblokka.

Haukeland har også eit samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus når det gjeld parkering. Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall, i retning Haukeland. Det er om lag ti minutts gange frå parkeringshuset til Sentralblokka på Haukeland. Har du god helse, kan du gjerne parkere i fjellhallen og sette av litt ekstra tid til å gå til sjukehuset.

Nokre pasientar kan få dekt bruk av bil til behandling av helsemessige årsaker eller om det ikkje eksisterer offentleg transporttilbod. Du får meir informasjon om refusjon av utgifter ved bruk av eigen bil på nettsida til Pasientreiser​, eller ved å ringe 915 05 515.  

Har du fått kontrollsanksjon og er ueinig i denne, kan du klage her:

Klageweb f​or kontrollsanksjon​

Gratis / redusert parkeringsavgift

Nokre grupper slepp å betale for parkeringa. Dette gjeld personar med forflyttingshemming, blodgivarar, dialysepasientar, pasientar som er fritatte frå eigendel på grunn av lang ventetid og frivillig besøksteneste.  

For å få gratis parkering som forflyttingshemma, må du vise HC-kort og oppgi registreringsnummer på bil i resepsjonen i 0. etasje i Sentralblokka. Du vil da få lagt inn fritak for parkeringsavgift for eitt år. Fritaket må du hugse å fornye årleg. Ordninga gjeld alle områder på Haukeland, Kronstad og Sandviken. Du kan ta kontakt om dette i resepsjonen i Sentralblokka frå måndag 11. mai.

Det er eigne parkeringsplassar for forflyttingshemma i alle parkeringsanlegga, sjå oversikt i Parkeringsregisteret hos Statens vegvesen.

Dialysepasientar har rett til å få dekka sine utgifter til parkering av Helse Bergen HF.

Kva må du gjere

Køyr inn på parkeringsområdet ved innkomst, og hugd å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp på avdelinga.

Når du kjem til avdelinga, ta kontakt med postsekretær og opplys kva for bilnummer du har. Parkeringa di blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.

Pasientar på Dialyseavdelinga har fri parkering i 8 timar.

Etter avslutta behandling treng du ikkje gjere anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.

All parkering for dialysepasientar gjeld i parkeringsområda Sentralblokken eller Parken.

Parkering for langtidspasientar hos Dialysen - Medisinsk post 2

Ta kontakt med postsekretær ved avdelinga og oppgi bilnummeret ditt. Dette blir lagra i ein database. Registreringa av bilnummer for langtidspasientar må berre gjerast éin gong. Etter dette kan du køyre fritt inn og ut av parkeringshuset utan å bli belasta for det.

Kva om eg nyttar fleire bilar?

Dersom du nyttar deg av ein annan bil enn den du har registrert, så må du notere deg dette bilnummeret og oppgi det til postsekretæren når du møter opp til timen din. Du vil da få fri parkering i åtte timar for dette bilnummeret.

Pasientar som skal til sjukehuset for ei rekke planlagde, kortare kontaktar (undersøking, dagbehandling, poliklinikk etc.) får tilbod om parkering til redusert pris i behandlingsperioden.

Føresetnaden er at pasienten må møte minst 7 gongar på sjukehuset for å få gjennomført eit undersøkings- eller behandlingsopplegg. Prisen er kr 350,- for 7 gongar / kr 700,- for 14 gongar. Prisen er uavhengig av lengda på behandlingsperioden. 

Som for langtidspasientar er det eit krav at avdelinga/eininga der pasienten blir behandla, daterer og underteiknar skjemaet.

Pasienten leverer ferdig utfylt skjema til resepsjonen i Sentralblokka for registrering. Pasient må oppgi kva parkeringsområde ein ønsker å benytte (Glasblokkene eller resten av Haukelandsområdet)

Attestasjon for pasientar med seriekonsultasjonar som har rett til verdikort (PDF)
 

For pårørande til langtidspasientar er det tilbod om parkering på Haukelandsområdet for 1 eller 2 veker.

Det kan skrivast ut parkering til redusert pris for inntil 3 bilar samtidig pr. pasient pr. opphald. Prisen pr. registrerte bil pr. veke er 350 kr. Parkeringsløysinga kan fornyast ved behov. Føresetnaden er at pasienten forventast å vere inneliggande på sjukehuset i minst 7 dagar.

Avdelinga der pasienten er innlagt fyller ut følgande skjema for attestasjon:

Attestasjon for pasient med langtidsopphold som har rett til parkering til redusert pris (pdf)

Pasient /pårørande må vise utfylt skjema i resepsjonen i Sentralblokka, og oppgi dei bilnummera som skal registrerast (inntil 3 stk.). Etter registrering vil ein kunne parkere fritt i 7 eller 14 døgn etter valt tidspunkt. Rabatten kan brukast på dagens påløpte parkering, eller setjast fram i tid. Det har ikkje tilbakeverkande kraft på tidlegare parkeringar.

Om det viser seg at behovet for parkering strekk seg ut over forventa opphald, må pasient /pårørande få ny attestasjon frå avdelinga /eininga og vende seg til resepsjonen på nytt. Attestasjonen kan fornyast så lenge det er behov.

Fri parkering for blodgivarar gjeld for parkeringsområda i Sentralblokka og Parken.

Køyr inn på parkeringsområdet, og hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp til timen din.

Når du kjem til Blodbanken, registrerer du ditt eige parkeringsfritak i nettbrett ved resepsjonen. Parkeringa blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.

Blodgivarar har fri parkering i 3 timar.

Etter timen treng du ikkje foreta deg noko anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale. 

Vidare informasjon om parkering som blodgivar finn du på blodbanken-bergen.no eller i Blodbanken-appen.

Parkeringsplassar for blodgivarar

Det er eigne parkeringsplassar for blodgivarar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse plassane ligg på nordsida av parkeringsdekket og er skilta. Du kan parkere kor som helst du finn ein ledig plass, ikkje berre på dei reserverte plassane.​



Sist oppdatert 16.05.2024