Teknisk avdeling

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar, tekniske installasjonar og utomhusareal. Teknisk avdeling er ein spennande og variert arbeidsplass i stadig utvikling med mange ulike fagområde. Me arbeider stadig med å heve kompetanse og har som målsetting å drifte sjukehuset sikkert, effektivt og berekraftig. Teknisk avdeling er ein arbeidsplass som gir rom for utvikling og moglegheiter for å setje seg inn i nye og spennande fagområde.

Kva gjer me, og kva kan me?

I Teknisk avdeling jobbar rundt 130 tilsette fordelte på ulike fagområde. Me har kompetanse innanfor eksempelvis gartnartenester, automasjon, elektrofag, VVS, sterilteknikk, transportteknikk, teknisk dokumentasjon og 3D-modellering, prosjektering, byggteknikk, energirådgiving, maskinteknikk, HMS og kvalitetssikring. 

Dei tilsette er i hovudsak lokalisert på Haukelandsområdet, men nokre av avdelinga sine tilsette er lokalisert på Voss, i Hagevik og i Sandviken. Teknisk avdeling har tett dialog med mellom anna Prosjektkontoret og Arealforvaltning. Hos oss er det eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje Utsikta og 3. etasje i Verkstedbygget.

Utsikta

Haukelandsveien 32

5096 Bergen

Verkstedbygget

Praktisk informasjon

​Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.

Her har me samla mykje praktisk informasjon.

Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Har du gløymt eller mista noko på sjukehuset, må du først spørje på den avdelinga eller poliklinikken der du har vært. ​

Deretter kan det vera aktuelt å kontakte Drift/teknisk kundesenter. Klokker, smykke, telefonar og andre verdisaker vert oppbevart i 3 månader ved Drift/teknisk kundesenter og deretter overlevert til politiet.

Kontakt Drift/teknisk kund​esenter
Telefon: 55 97 71 00
77100@helse-bergen.no​​​​

Opningstider
Måndag - fredag: Kl. 07.00 - 16.00