Forsking og innovasjon

Seksjon for forsking og innovasjon har ansvar for å legge til rette for forsking og innovasjon i klinikkane slik at all forsking i sjukehuset er forsvarleg organisert og i høve til helseforskingslova. Seksjonen sørger for at føretaket har eit praktisk og effektivt system for klinisk forsking og leverer tenester både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Delplan forsking og innovasjon 2023-2026

Forsking er ei av fire hovudoppgåver ved sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, og opplæring av pasientar og pårørande. Den primære målsettinga med forskings- og innovasjonsaktiviteten i sjukehuset er å forbetre helsetenestetilbodet til befolkninga.
Delplan forsking og innovasjon 2023-2026 (PDF)
Montasje med bilder fra forskningsmiljø i sykehuset; Helsepersonell og pasient, prøveglass, MR-undersøkelse, analyse i laboratorium.