Forsking og innovasjon

Seksjon for forsking og innovasjon har ei sentral rolle i utvikling av rammevilkåra for klinisk forsking i Helse Bergen og Helse Vest. Seksjonen yter profesjonell forskingsstøtte i ulike fasar av forskingsprosjekt og husar blant anna Kompetansesenter for klinisk forsking, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister, Ressurssenter for metodevurderingar og Klinisk forskingspost.

Delplan forsking og innovasjon 2023-2026

Forsking er ei av fire hovudoppgåver ved sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, og opplæring av pasientar og pårørande. Den primære målsettinga med forskings- og innovasjonsaktiviteten i sjukehuset er å forbetre helsetenestetilbodet til befolkninga.
Delplan forsking og innovasjon 2023-2026 (PDF)
Montasje med bilder fra forskningsmiljø i sykehuset; Helsepersonell og pasient, prøveglass, MR-undersøkelse, analyse i laboratorium.