Regional forskingsstøtte kliniske studiar
Regional forskingsstøtte for kliniske studiar jobbar for fleire kliniske studiar og for at kliniske studiar skal ha høg kvalitet. Vi hjelper forskarar gjennom heile studieløpet. Vi har inngåande kjennskap til regelverket for kliniske studiar, spesielt Good Clinical Practice, den europeiske forordninga om kliniske utprøvingar av legemiddel for menneske, og helseforskingslova. Vi følgjer opp både lokale, regionale og nasjonale oppdrag.
Våre hovudoppgåver:
- Råd og rettleiing om roller og ansvar til forskarar i kliniske studiar
- Monitoreringsteneste
- Datahandtering i VieDoc
- Administrasjon og rådgiving for søknadsprosess og dokumentasjon til søknader gjennom CTIS-portalen (REK)
- Rapportering av uventa, alvorlege biverknader frå legemiddelstudiar til EMA
- Administrasjon av kliniske studiar i samarbeid med industri
- Administrasjon av tilgangar til clinicaltrials.gov
- Drift og fagleg utvikling av forskingsstøttenettverket NorCRIN
- Koordinator for NorTrials Hjernehelse
Vi hjelper til med:
- Generell rådgiving
- Tverrfagleg støtte til kvar enkelt forskargruppe som skal gjere kliniske studiar (statistisk metode, datahandtering, oppsett *eCRF mm).
Vi opprettar eigne økonomiske avtalar for bruk av monitoreringstenesta, datahandtering, og ved utføring av prosjektspesifikke oppgåver på vegner av forskar.
Kontakt oss
Om du har spørsmål angåande forskningsstøtte eller har eit prosjekt som treng monitorering eller datahandtering, kontakt: kliniske_studier@helse-bergen.no
Sist oppdatert 30.03.2026