Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

PROM og PREM i kvalitetsregistera

Fagsenter for pasientrapporterte data er ein nasjonal ressurs for bruk av pasientrapporterte utfallsmål (PROM) og pasientrapportert tilfredsheit med helsetenesta (PREM) i dei medisinske kvalitetsregistre.

Pasienten og brukerane sin erfaring med, og oppleving av, helsetjenesta er ein verdfull kjelde til kunnskap som kan nyttast til å betre kvaliteten på behandlingstilbodet i norsk helsevesen. Pasientrapporterte data er opplysningar som pasienten sjølv rapporterer om sin oppleving knytta til helse og sjukdom, eller med sin tilfredsheit med behandling og møte med helsetenesta.

Patient Reported Outcome Measures (PROM) er verktøy som måler korleis pasientane opplever forhold knytt til helse og sjukdom og behandlingseffektar. PROM inkluderer mål på symptom, funksjon, helse og livskvalitet.

PREM er ein forkorting av det engelske omgrepet «Patient Reported Experience Measures» og er eit mål på pasienterfaringar - pasientens oppleving og tilfredsheit med helsetenesta. Dette kan omfatte møte med helsetenesta, medverking, informasjon, tillit til helsepersonell og tilgjengelegheit.

Fagsenter for pasientrapporterte data har ein nasjonal oppgåve og vil mellom anna bistå og rettleie kvalitetsregistera i val og bruk av skjema (PROM og PREM).

I den anledning har vi oppretta ein skjemabank kor du vil finne skjema som er oversett til norsk og validert for norske forhold. Lista er ikkje uttømmande og vert fortlaupande oppdatert. Du vil finne skjemabanken her

Ynskjer du bistand frå oss ber vi om at du fyller ut skjemaet "Søknad om bistand til prosjektgjennomføring" og returnerer det til PROMsenter@helse-bergen.no.

Du kan lese meir om Fagsenteret på vår eksterne heimeside kvalitetsregistre.no.

Meir om PROM og PREM

På Fagsenterets side på kvalitetsregistre.no finn du meir informasjon om PROM og PREM og lenkjer til skjema og litteratur.
PROM og PREM i kvalitetsregistera
En gruppe kvinner som sitter ved et bord
Sist oppdatert 16.01.2024