Tid og stad
- Når
-
- 04. feb. 2027, 08:30 - 15:00
- 05. feb. 2027, 08:30 - 15:00
- Type arrangement
- Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende
- Arrangør
- Kurset er utvikla av Energisenteret og Medisinsk avdeling ved Barne og ungdomsklinikken, Haukeland Universitetsjukehus, Diabetesforbundet og Lærings- og mestringssenteret.
- Kvar
-
Barne- og ungdomsklinikken
- Energisenteret
Om kurset
Målet med kurset er å styrkje kunnskapen ungdomane har om diabetes og leggje til rette for erfaringsutveksling gjennom fysisk aktivitet og faglege innlegg. Det blir særleg fokus på meistring og det å leve med diabetes inn i ungdomstida.
For dei føresette er målet å auke kunnskapen om diabetes i ungdomsåra gjennom faglege innlegg. Kurset skal òg leggje til rette for erfaringsutveksling om korleis det er å vere føresett til ein ungdom med diabetes.
Praktisk informasjon
Oppmøte
- Energisenteret for barn og unge (Glasblokkene, blokk 2, 1. etasje)
- Klokka 08.30
Ta med
- Mat og drikke de treng i løpet av dagen (det blir ikkje servert mat på kurset)
- Treningsklede og sko til å bevega seg inne med
Torsdag ettermiddag
Diabetesforbundet inviterer til aktivitet torsdag ettermiddag. Sjå innkallingsbrevet for meir informasjon.
Velkomen til kurs!
Kontakt
Barne - og ungdomsklinikken
55 97 51 99