Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Besøker ukrainske pasientar

Då Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina i februar 2022, kontakta prestetenesta ved Haukeland den ukrainske presten Dmytro Ostanin. Han høyrer til det ortodokse trussamfunnet Kristi åpenbaringsmenighet i Bergen. Sidan den gong har han besøkt sjukehuset hyppig. 

Publisert 01.12.2023
En ortodoks prest fra ukraina

Ostanin kjem sjølv frå eit område i Ukraina som ikkje er okkupert, men som er svært utsett for bombing. Sidan 2008 har han budd i Noreg, men han har fortsatt slekt i Ukraina.  

- Det er vondt å høyre om krigen, seier han. 

I følge Ostanin er dei fleste ukrainarar religiøse, og presten er stadig på besøk hos ukrainske pasientar som kjem til Haukeland, eller andre sjukehus på Vestlandet, sjuke eller skadde.  

- Eg er her 1-2 gonger i veka. Slik har det vore i det siste, men slik var det ikkje før. Eg har gravlagt fleire ukrainarar dei siste 4 månadane enn eg har gjort dei siste 15 åra, men eg veit ikkje kva som er årsaka til denne auken, seier Ostanin 

Det er Kreftavdelinga og Brannskadeavsnittet som får flest besøk av den ukrainske presten. Han ber med pasientane, held nattverd for dei, eller utfører andre kirkehandlingar.  

- Nokon ønsker å skrifte ein siste gong, fortel han.  

I dei tilfella der pasienten er døyande, snakkar Ostanin med pasient og pårørande om kva som heilt konkret skal skje etter at pasienten er død. For eksempel om vedkomande ønsker å bli gravlagt i Noreg eller i Ukraina.  

Kan besøke fleire 

Alle ukrainske pasientar på sjukehuset som ønsker det, kan få besøk av Ostanin. For å få tak i han, kan aktuell avdeling eller klinikk ta kontakt med prestetenesta ved sjukehuset.  

Sjukepleiarane er alltid glade for at eg kjem på besøk til pasienten, og dei hjelper meg med alt mogleg, seier Ostanin. 

Etter besøk hos alvorleg sjuke eller skadde pasientar, synest presten det er godt å kome ut til sjukepleiarar eller andre tilsette, og prate om heilt andre ting. 

- Det er alltid behageleg å kome til sjukehuset, fortel han.