Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandlingsrulett for hjartepasientar

Under Arendalsveka i år arrangerte LHL ein debatt om oppfølging av pasientar etter gjennomgått hjarteinfarkt. Korleis vi kan sikre ei heilskapleg og tverrfagleg oppfølging som gir pasientar med hjarteinfarkt betre helse og livskvalitet, og kva som må til for at alle, uavhengig av postkode, får like høve til god oppfølging vart diskuterte.

Publisert 27.08.2024
En gruppe mennesker som står på en scene
Fra Arendalsuka.

Mari Larsen, Generalsekretær LHL presenterte eit pasientperspektiv på korleis postnummer har noko å seie for kva oppfølging ein får etter eit hjarteinfarkt. Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk foreining for allmennmedisin presenterte perspektiva sine på oppfølging frå ståstaden til fastlegen. Jarle Jortveit, hjartespesialist og forskingsleiar, Sørlandet sjukehus Arendal og Universitetet i Agder presenterte data frå Hjerteinfarktregisteret og poliklinisk oppfølging ved Sørlandet sjukehus. Trond Pettersen, Postdoktor, Spesialsjukepleiar i kardiologisk Sykepleie, Haukeland universitetssjukehus presenterte data frå det nye Helseatlaset for hjarteinfarkt som viser at i perioden 2018-2022 fekk berre 14% av pasientane multimodal og tverrfagleg hjarterehabilitering etter gjennomgått hjarteinfarkt. Vidare presenterte Pettersen eHjerteRehab som ei løysing for å oppnå likeverdige helsetenester uavhengig av bustadadresse. Astrid Nylenna, Fagdirektør, Divisjon for folkehelse og førebygging ved Helsedirektoratet presenterte nasjonal strategi for Forebygging av hjarte- og karsjukdom.

Larsen brukte eit pasientcase for å vise at hjarterehabilitering er viktig for å lære å handtere risikofaktorar og gjere livsstilsendringar, samtidig som det gir tryggleik for pasientar som har gått gjennom eit hjarteinfarkt. Tangen understreka at dersom all rehabilitering skal leggjast til kommunane, så er vi på feil spor. Hjarterehabilitering er så spesialisert at det vil vere lite tenleg å byggje opp denne kompetansen i kvar kommune. Pettersen påpeika at det er for lite fokus på sårbare grupper i hjarterehabilitering som dei eldre, dei med fleire komorbiditetar og etniske minoritetar.

Du kan sjå debatten i sin heilskap her: Arendalsveka 2024 - 15_LHL on Vimeo