Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trond R Pettersen på ESC Congress 2025 – fremjar digitale verktøy i hjarterehabilitering

Trond Røed Pettersen, Haukeland universitetssjukehus, la nyleg fram ny forsking frå TRACKER-studien på European Society of Cardiology (ESC) Congress 2025, som vart arrangert frå 29. august til 1. september i Madrid.

Publisert 05.09.2025
Tekst
Trond Røed Pettersen, Haukeland universitetssjukehus.

Han heldt ein moderert posterpresentasjon med tittelen Barriers and enablers to the use of activity trackers in cardiac rehabilitation programs: a multi-national study som del av sesjonen Lifestyle, Nutrition, and Behavioural Interventions with Cardiovascular Health.

Aktivitetsmålarar blir i aukande grad brukte for å fremje gode helsevanar og bidra til varige livsstilsendringar. Likevel er dei enno ikkje systematisk og breitt tatt i bruk i hjarterehabilitering, der fysisk aktivitet er heilt sentralt. Denne multinasjonale undersøkinga inkluderte klinikarar innan hjarterehabilitering  frå Australia, Brasil, Canada, Noreg og Storbritannia, og undersøkte deira erfaringar med å ta i bruk aktivitetsmålarar – som Fitbit’er og smartklokker – i klinisk praksis.

TRACKER-studien fann at ein stor del av klinikarane allereie tilrår eller brukar slike verktøy for å hjelpe pasientar med å forstå eigen helsetilstand, følgje treningsplanar og betre kommunikasjonen med helsetenesta. Samtidig vart det peikt på fleire barrierar og utfordringar som må løysast vidare.

Eit hovudfunn er at motivasjonen hjå klinikarane spelar ei avgjerande rolle: sjølv om teknologien finst, må helsepersonell oppleve nytteverdien og få støtte til å ta han i bruk. Studien tilrår difor målretta opplæring, utvikling av retningslinjer for trygg og etisk bruk, ivaretaking av personvern og berekraftige finansieringsmodellar. Med slike tiltak på plass kan aktivitetsmålarar bli eit endå meir utbreidd og nyttig verkemiddel i hjarterehabilitering, ved å hjelpe pasientar å halde seg aktive og engasjerte over tid.

Studien har sitt opphav ved University of Sydney i Australia, med professor Robyn Gallagher som hovudansvarleg prosjektleiar. Pettersen har hatt to forskingsopphald ved universitetet, der han samarbeidde tett med Gallagher og hennar team. Dette viser korleis internasjonalt samarbeid bidreg til innovasjon i pasientbehandling, og sikrar at den nyaste kunnskapen og teknologien kjem pasientane våre til gode.

I tillegg speglar TRACKER studien Pettersen sitt kontinuerlege arbeid for å utvikle eHjerteRehab, eit tverrfagleg digitalt hjarterehabiliteringsprogram i regi av PROCARD Forskingsgruppe, der aktivitetsmålarar skal nyttast for å auke pasientane sin motivasjon og etterleving av tilrådingar om fysisk aktivitet.