Hudavdelinga dagpost

Pasientar med hudsjukdommar som treng behandling, men som elles er sjølvhjulpne, kan bu på Haukeland Hotell og få behandling ved Dagposten. Dette gjeld til dømes pasientar med svært lang reise til behandlingsstaden. Nokre pasientar bur heime og kjem dagleg til behandling ved Dagposten i ein periode.

Kontakt

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Behandlinga føregår i  2. etasje i Hudbygget.



Hudbygget

Jonas Lies vei 73

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du betaler ikkje noko når du er innlagt på dagpost/hotell eller i sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.

Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:

  • lysbehandling
  • sårskift
  • grensestrålebehandling
  • iontoforese
  • smøre- og badebehandling (inkl. behandling av hovudbotn)
  • eksem-skule / handeksem-skule

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velge å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/uten ekstra kostnader for deg. Du kan og betale med kort/kontakt i resepsjonen i Sentralblokka. 

Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

  • Ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt bruker
  • Ver vennleg å opplyse om kven som er fastlegen din når du møter til undersøking / behandling hos oss
  • Har du frikort, ber vi om at du tar dette med og viser det til helsesekretæren i ekspedisjonen om du skal til poliklinisk undersøking

​For å bli utgreidd / behandla ved Hudavdelinga må ein bli tilvist av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising blir denne vurdert av seksjonsoverlege hos oss, og innan 10 verkedagar vil vi sende ut brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost / hotell eller sengepost.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.

Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.