Lysterapiavsnittet

Ved Lysterapiavsnittet har vi tilbod om fleire ulike behandlingar. Pasientar må ha tilvising til Hudavdelinga frå fastlegen for å kunne starte behandling hos oss.

Det er hudlegen som avgjer om og kva type behandling den enkelte pasient skal ha. Dei som kan ha effekt av lysbehandling er personar med ulike typar eksem, psoriasis og ein del andre hudsjukdomar. 

Kva er lysbehandling?

Lysbehandling er ikkje det same som å gå i solarium for å bli brun. Under lysbehandling vel legen kva for type lysstrålar som kan ha effekt på den enkelte hudsjukdom. 

Kva kostar behandlinga?

Behandlinga kostar per i dag kr 351,- for kvar behandling, inntil du har nådd taket for frikort. I tillegg kjem eit eingangsbeløp på kr 75,- som dekker diverse utstyr.

Kor lenge skal ein gå til behandling?

Behandlinga går vanlegvis over 6-12 veker og bør fullførast utan lange pauser.
Vent derfor med oppstart av behandlinga til du veit at du kan gjennomføre heile behandlinga.

Korleis går behandlinga føre seg?

Kvar behandling kan ta frå få minutt opp til ein time, alt ut frå kva type behandling du får. Enkelte behandlingar er drop-in, mens andre må du bestille time til.
 
Det er viktig å hukse på at når du går til lysbehandling får du ein dagsdose med lys. Du skal derfor ikkje sole deg i anna lys. Det er viktig at du smører deg med solkrem med høg faktor eller dekker deg til med klede om du skal vere ute i sollys. Du skal heller ikkje bruke solarium i behandlingstida.
 
Fuktighetskrem er ein viktig del av behandlinga, og du bør smøre deg hyppig, særskild i den perioden du går til lysbehandling. Det er viktig at du ikkje smører deg med kremer som inneheld solfaktor når du står i lyskabinettet. Vær merksam på at nokre kremar kan innehalde stoff som påverkar huda i kontakt med lys.

Førebuing til behandling

Om du har tørr og skjellande hud bør dette fjernast før lysbehandlinga startar. For mykje skjelldanning vil hindre strålane i å nå tilstrekkeleg inn i huda.

Fjerning av skjelldanningar

Kropp

  • Ta ein dusj / bad
  • Smør skjellene med 5-10 % Salisylvaseline
  • La salven sitte på i 2-4 timar eller over natta
  • Fjern salven i dusj / bad

Hovudbotn

  • Masser eit lag med 5-10 % Salisyl hårolje inn i hovudbotn 
  • Dekk med plast / -badehette 
  • La olja verke i 2-4 timar eller over natta
  • Vask vekk olja med mild sjampo i tørt hår, før du skylje ut med vatn

Vi tilbyr følgande lysbehandlingar 

  • UVA heilkropp 
  • UVB heilkropp, hender, føter, sittelys, kam
  • TL01 heilkropp, hender, føter, kam 
  • UVA / TL01 heilkropp
  • UVA1 heilkropp 
  • PUVA heilkropp, hender, føter (lokal / systemisk)
  • Høgspektra UVB hender, føter
  • Grensestrålar
  • Iontoforese
  • Lys-testar

Pasientinformasjon

 

Kontakt

Telefon

Alle som skal bestille time for lysterapi må ringe 55 97 39 50. Timebestillinga er open måndag-fredag i tidsrommet 08.00-15.30 Fredag 25.08. holder Lysterapiavsnittet lukket i tidsrommet 11.30 – 13.30.

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lysterapien ligg i 2. etasje i hudbygget. Same inngang som Hudpoliklinikken.



Hudbygget

Jonas Lies vei 73

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient