Karpodden
Karpodden er podkasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.

Episoder
-
Introduksjon til podkasten
Episode 1
Karpodden er ein fagleg podkast frå Karkirurgisk avdeling og kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus.
Her får du som er pasient eller pårørende meir kunnskap om sjukdomen, og om behandlinga. Du som tar ei helsefagleg utdanning, eller som jobbar i helsevesenet vil før eller seinere møte på pasientar med karsjukdom, og du vil ha nytte av denne podkasten.
Vi produserer innhald av høg faglig kvalitet, men vi lover å halde eit folkeleg og lett forståeleg språk.
-
Kva er karkirurgi
Episode 2
Vi har laga ein podcast som skal handle om karsjukdom, men kva er egentlig karsjukdom? Og kven behandlar desse lidingane i Noreg?
Vi har fått besøk av to tidlegare og ein noverande leiar av Norsk karkirurgisk forening som skal prøve å forklare dette for oss – og ikkje minst fortele oss kvifor nokon velger å verte noko så dramatisk som karkirurg.
Her kan du lytte til episoden.
Gjester : Shakil Aslam og Øystein Hovi Rognerud
-
Utposing på hovudpulsåra
Episode 3
Utposing på hovudpulsåra i magen heiter på fagspråket abdominalt aortaaneurisme.
Ei slik utposing gjer vanligvis ikkje symptom eller varsel før hovudpulsåra sprekker, og då tel kvart sekund for å redde livet
I denne episoden skal overlege i karkirurgi, Espen Tyse Gubberud, ta oss i gjennom årsaker, sjukdom, behandling, og konsekvenser av denne diagnosen.
Her kan du lytte til episoden.
-
Røykebein - perifer arteriesjukdom
Episode 4
Røykebein på folkemunne - er egentlig sjukdom i pulsårene. Forkalkinger i årene gjer at beina får for lite blod, noko som ein først oppdager når ein går, spesielt i oppoverbakkar. Om ein har veldig utbreidde forkalkinger kan ein bare gå korte avstandar eller ha smerte i beina i kvile.
-
Åreknutar
Episode 5
Åreknutar er veldig vanlig, og er gjerne den delen av karsjukdom dei fleste vert kjend med. Men kva er mekanismane bak utviklinga av åreknuter, og kva inneber moderne behandling av åreknutar? Kven får behandlinga dekka av det offentlege?
-
Trening for vedlikehald av blodårer
Episode 6
"Trenar du tre gonger i veka, då peaker du."
Kor mykje du beveger deg, og kva du putter i deg påvirkar blodårene dine så vel som resten av helsa, men kva skal egentlig til for å halde seg frisk i åresystemet? Jonny Hisdal er vår pragmatiske professor i fysiologi, som forklarer oss korleis trening virker på blodårene, og korleis vi som er friske enkelt kan trene for å halde blodårene våre i god stand.
-
Carotisstenose - tette halspulsårer
Episode 7
Tette eller forsnevra halspulsårer er skuld i 20 prosent av alle hjerneslag. Karkirurgen kan operere vekk desse forsnevringene, men korleis gjer dei det? Kva er hensikta med eit slikt inngrep? Dette og meir om forsnevra halspulsårer – eller carotisstenose – lærer vi når vi snakker med karkirurg Egil Hafstad Gleditsch i denne episoden.
-
Medisinsk behandling ved perifer karsjukdom
Episode 8
Kva er risikoen med å ha perifer arteriesjukdom og nedsatt blodsirkulasjon i beina? Kan du dø av det? Kass medisiner bør du bruke og korleis virker dei?
Gjest i denne episoden er Henrik Hoel, lege i spesialisering i karkirurgi ved Oslo Universitetssukehus.
-
Trening av røykebein
Episode 9
Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette.
Her kan du lytte til episoden om trening av røykebein
Ekspert-gjesten er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon:
-
Lipødem
Episode 10
Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon.
-
Karskadar
Episode 11
Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine.
-
Komplikasjon i lyske
Episode 12
Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime.
-
Hovudpulsåra som nesten sprakk
Episode 13
Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida.
-
Likfingre - Raynaudfenomen
Episode 14
I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins.
-
Livet på karkirurgisk sengepost
Episode 15
Kva kan du vente deg om du vert innlagd på ei karkirurgisk avdeling? Vi får kjennskap til livet på sengeposten gjennom sjukepleier Helena Økland sine levande forteljingar. Om kva som er utfordrande, kva som gjer arbeidet meiningsfylt og dei gode dagane. Om du er sjukepleier: Bli inspirert :)
-
Kosthald ved karsjukdom
Episode 16
Om du har karsykdom eller ønsker å spise slik som er tilrådd for å forebygge hjerte-karsykdom så bør du høre på dette. Professor Lars Fadnes er vår gjest. Han har forska på effekt av ulike matvaregrupper på hjerte-karsykdom, og korleis ein ved å byte ut skadelege matvarer med andre kan forlenge livet. Om ein gjer endringar i kostholdet ved slike bytte kan ein påverke helsa si positivt både generelt og hjerte-kar-helsa spesielt. Veit du for eksempel kva slags effekt nøtter har på helsa di?
-
Alvorleg blodpropp i beina
Episode 17
I denne episoden får du høyre Karpoddens egen ekspert, karkirurgi Espen Gubberud skildre korleis dei behandlar blodpropp i beina. Kva er symptom og risikofaktorar og når kan det være skikkeleg alvorleg å få ein utbreidd blodpropp som må behandles raskt og med avanserte metodar. Kva er flegmasia cerulea dolens og kva er venøs claudicatio? Vi gir deg ny innsikt!
-
Å miste eit bein - del 1
Episode 18
Kva kan føre til at ein pasient med karsjukdom mister eit bein? Kva for tanker gjer kirurgen seg før ei slik avgjerdsle blir tatt? Vi har snakka med karkirurgi Evind Osen om dette, og om korleis inngrepet går føre seg. Kva kan pasienten vente seg i dagane som kjem etter ein amputasjon av eit bein?
-
Å miste eit bein - del 2
Episode 19
Lars Henrik Østevold er sjef i eit ortopedisk firma. Han fortel oss om kva slags ulike proteser som finnes, korleis dei jobber i saman med pasienten og teamet rundt om å få ein best mogeleg protese. Kva skal til for at den som har mista beinet sitt kan kome seg opp og gå igjen?
-
Å miste eit bein - del 3
Episode 20
Pasient Petrus fortel si historie og sin veg til å kunne gå igjen etter låramputasjon . Vi har óg med oss to ekspertar frå rehabiliteringsklinikken Nordås, og vi får høyre om korleis det tverrfaglige teamet jobbar rundt pasienten som har mista beinet.
-
Å gå på puter - polynevropati
Episode 21
Enkelte pasientar med perifer arteriesjukdom - eller røykebein om du vil - opplever at dei blir nummen i beina, får ein følelse av å gå på puter, eller at dei ikkje heilt kjenner underlaget. Dette kan vere teikn på polynevropati og skade på nervane i beina. Professor i nevrologi og ekspert på polynevropati Christian Vedeler har tatt turen i studio for å opplyse oss!
-
Arrbrokk
Episode 22
Arrbrokk kan oppstå som ein komplikasjon etter karkirurgiske inngrep. Eit arrbrokk er når noko fra innsida av magen (oftast tarm eller feitt) pressar seg ut eit svakt punkt i bukveggen der ein tidlegare har hatt eit operasjonssår (arr): Det kan oppstå etter fleire typar kirurgiske inngrep, ikke berre dei karkirurgiske. Brokk-kirurg Lisa Drange Hole lærar oss om korleis desse oppstår, kvifor, og kva som er behandlinga.
Bonusepisoder
-
Norsk Karkirurgisk Forening
Bonusepisode 1
Norsk Karkirurgisk Forening er ei grein av Legeforeningen som organiserer leger med spesialisering i karkirurgi. Vi har snakka med nokre av liarane i forenina om kva foreninga driv med, og kvifor del valgde å bli karkirurg. Møt Shakil Aslam, Øystein Rognerud og Einar Andrè Brevik.
-
Bonus 2 Vårmøte 2022
Bonusepisode 2
Då karkirurgane vart samla for første gong på over to år var vi tilstades og tok tempen. Kva er stentane som skal halde blodårene åpne laga av? Kvifor sponsar legemiddelfirma desse møtene? Korleis vert karkirugiske operasjonar registrerte? Det, og meir til, fekk vi greie på når vi snakka med:
Her kan du lytte til Bonusepisode 2.
Morten Vetrhus, overlege i karkirurgi Stavanger Universitetssykehus
Bernt Harald Berntzen, salgsleder i BD Norway
Martin Altreuther, overlege i karkirurgi, St. Olavs hospital
Celine Harlinn Sørlie, overlege i karkirurgi, Haukeland Universitetssjukehus
Thomas Jebsen, salgsleder i Bayer Norge
-
Doktorgrad om trykkstøvel
Bonusepisode 3
Doktorgradsstipendiat og LIS i karkirurgi Henrik Hoel fortel om reisa til fullført PhD grad, og om trykkstøvelen han har forska på - som kanskje kan hjelpe pasienter med nedsatt sirkulasjon i beina.
-
Jul på sjukehuset
Bonusepisode 4
Vi har fått besøk av administrerande direktør Eivind Hansen, og han fortel oss korleis livet på sjukehuset er i jula, og kva han sjølv skal ha på middagsbordet på julaftan. Espen gjer sitt beste for å ikkje punktere gleda når han skildrar kva maten gjer med skrotten til Eivind.
-
Glimt frå medisinens historie
Bonusepisode 5
Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta - det har ikkje vore ei særleg hyggjeleg reise, men skal du lage god omelett så må du knuse nokre... egg.




