Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking - Barn med ganespalte

For å kunne gi best mogeleg behandling til pasientane er det viktig med forsking.

Spalteteama i Bergen og Oslo ønsker å invitere barn med isolert ganespalte til å delta i ein pågåande studie med tittelen «Timing of Primary Surgery for Cleft Palate (TOPS)».

Kva er formålet med studien?

Barn fødd med ganespalte blir i dag operert ved ulike tidspunkt, vanlegvis fø​r 18 månaders alder. Formålet er å vurdere ved kva alder ein ganespalte bør opererast for at barnet skal utvikle så god tale som mogeleg.

Bakgrunn og historie

Studien starta i Storbritannia juli 2013. Den vil fortsette til alle barn i studien er 5 år gammal, og alle registreringar er gjort. Totalt vil 650 barn frå seks land delta i studien.

Vil du vite meir?

Kontakt b​ergensteamets prosjektkoordinator Åsa Rommetveit Remme
Telefon 55 97 09 42

Sist oppdatert 08.02.2018