Barn med leppe-kjeve-ganespalte (LKG)
Mating og amming
Hvordan barnet blir amma og mata på, vil vere avhengig av spaltetype og individuelle forskjellar hos mor og barn.
Dei fleste mødre til barn fødd med leppespalte opplever sjeldan ammeproblem grunna spalten. Nokre mødre har erfart at det kan hjelpe barnet å få betre tak i brystet, om mor dekker spalten med brystet.
Barn med isolert ganespalte eller leppe-kjeve-ganespalte har ofte store vanskar med å få i seg nok melk frå brystet fordi dei ikkje klarer å lage vakuum og / eller lukke leppane rundt brystvorta. Mange kan likevel ha glede av å få noko morsmjølk frå bryst og resten av måltidet frå flaske.
Meir om dei ulike spaltetypane
Pumping og flaskemating
Om det ikkje er mogeleg å amme eller det blir vanskeleg, kan mor pumpe ut mjølka med brystpumpe. Mange har gjort dette med gode resultat.
Barnet får då morsmjølka frå ei mjuk flaske der hola i smokken må tilpassast barnet. Den som matar barnet klemmer på flaska slik at barnet drikk i eit passande tempo.
Morsmjølkerstatning
Dei fleste mødre ønsker å gi barnet sitt morsmjølk, men pumping kan vere vanskeleg for nokre mødre. Det er ikkje alle som får ut tilstrekkeleg mjølk ved hjelp av pumpa. Då kan ein gi morsmjølkerstatning med flaske.
Andre utfordringar
Ved mating hender det ofte at mjølk kjem ut av nasa under og etter måltida. Dette er heilt ufarleg og har ein naturleg årsak.
Nokre barn kan vere plaga av tørrleik og skorpar på spaltestaden ved leppespaltar. Ein feit krem eller vaselin kan hjelpe mot dette.
Kven kan hjelpe?
Ammepoliklinikken ved Fødeseksjonen på KK, Haukeland universitetssjukehus
Gode tips og råd
Leppe-ganespalteforeningen har god informasjon til foreldre om amming og mating av barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG):