Poliklinikk for langvarige smerter
Fysioterapivurdering
På poliklinikken ved Seksjon for smertebehandling og palliasjon jobbar det legar, psykologar og fysioterapeutar, i tverrfaglege team. Når tilvisinga kjem frå fastlegen vert den vurdert på inntaksmøte med alle faggruppene til stades. Der vert det tatt stilling til om pasienten skal setjast opp til vurdering hjå alle tre faggruppene, til to, eller til ein av dei.
Målet med fysioterapivurderinga er å bidra til å finne ei forklaring på smertene, finne ut kva som kan bidra til å forsterke og/eller oppretthalde plagene (t.d. om ein er anspent) og finne fram til pasienten sine kroppslege ressursar (kva som er bra). Eit anna mål med vurderinga er å gje råd om videre oppfølging.
Ei vurdering varer ca 1,5 timar, inkl samtale og undersøking. Fysioterapeuten har førebudd seg til konsultasjonen ved å lese tilgjengelege opplysninger som føreligg (tilvisinga frå fastlegen, evt. andre opplysningar som er tilgjengelege i pasienten sin journal).
Undersøkinga av kroppen er den viktigste delen av vurderinga. Det er ynskjeleg at pasienten kler av seg slik at mest mogleg av kroppen kan undersøkjast. Dette er det og opplyst om i innkallingsbrevet.
Alle får ei tilbakemelding, forklaring, på undersøkinga og vidare tiltak vert drøfta med pasienten. Evt. oppfølging skjer i heimkommunen/bydel. Einskilde pasienter har ikkje behov for behandling og vert følgd opp vidare av fastlegen.
Haukeland universitetssjukehus har mykje undervisning av t.d. studentar eller helsepersonell som skal utvide sin kompetanse. Dette betyr at du kan bli spurd om andre kan vere til stades under vurderinga.