Nærbilde av røde blomster

Seksjon for smertebehandling

Seksjon for smertebehandling består av Poliklinikk for langvarige smerter og Akuttsmerte team.

Kontakt

Logg inn for å endre timeavtale

Slik finn du fram

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Om det manglar kollektivtilbod og du ikkje har høve til å nytte eigen bil, kan du ringe Pasientreiser på 05515 for å få råd eller hjelp til transport. Viss du av medisinske årsaker har behov for drosje, skal du ved første behandling kontakte den som har henvist deg til sjukehuset. Treng du transport til oppfølgingstimar eller kontrollar, kan du ta kontakt direkte med sjukehuset. Meir informasjon finn du på www.helsenorge.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Ved polikliniske besøk må du betale egenandel eller fastsatt takst. Barn under 16 år betaler ikke egenandel. Ved psykiatrisk behandling gjelder dette barn og ungdom under 18 år.

Takst for poliklinisk besøk er for tiden 345 kroner. Utgifter til forbruksmateriell kan komme i tillegg.

Dersom du ikke møter opp og ikke har varslet oss om dette senest 24 timer på forhånd, må du betale et gebyr. Gebyr for ikke-møtt som ikke er varslet senest 24 timer på forhånd er for tiden 690 kroner for somatisk helsetjeneste og 344 kroner for konsultasjoner innen psykiske helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling. 

Utgifter til forbruksmateriell og ikke-møtt gebyr må betales selv om du har frikort eller av andre årsaker er fritatt for egenandel.

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Har du det siste året vore innlagd, fått helsehjelp eller tannbehandling på helseinstitusjon eller arbeidd i helsetenesta utanfor Norden? Då må du av smittevernomsyn ta prøver hos fastlegen din for å sjekke om du er smitta av motstandsdyktige bakteriar (MRSA). Dette gjeld også viss nokon i husstanden din tidlegare har fått påvist MRSA. Prøvesvaret bør vere klart før du møter til timen. ​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Mindre Smerter

Dette er en nettside utviklet av SmerteReg. Her kan du finne nyttig informasjon og verktøy som kan brukes for å dempe smerteopplevelsen. 

Klikk her
Bakgrunn mønster

Nasjonalt kvalitetsregister for Smertebehandling - SmerteReg

For at behandlinga som smerteklinikkane gir til pasientar skal bli best mogleg over heile landet, er det behov for betre kunnskap om kva slags smertepasientar som behandlast, kva for ei behandling dei får og effekten av denne.
Les meir
foto av mange trær i skog