Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tannklinikken

Tannklinikken hører administrativt inn under Tannhelsetenestas kompetansesenter Vest, som er ein del av den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland.

​Kontakt
Telefon tannpleiar/protetikar:
55 97 27 24 / 28​

​​​​​Vi gir nødvendig tannbehandling til inneliggande pasientar på sjukehuset etter tilvising frå sjukehusets avdelingar. Dette gjeld akuttbehandling og behandling som ikkje kan vente til pasientane får kontakt med eiga tannlege.
​
Protetisk behandling hos protetiker, konvensjonell eller implantatbasert, innvilgast time etter mottatt intern eller ekstern tilvising.

Vi har tett oppfølging av pasientgrupper med spesielle tannhelseproblem, for eksempel pasientar med kreft i hovud-/halsområdet.

Vi har også undervisingsoppgåver internt og eksternt om forhold relatert til tenner, munnstell og tannhelse.

Informasjonsskriv
Protesehygiene. (pdf)
Råd ved munntørrhet.(pdf)
Basismunnstell. (pdf)
Munnpleiesett- brosjyre PUB. (pdf)

Sist oppdatert 14.02.2024