En lege i hvit frakk

Kjevekirurgisk avdeling

Kjevekirurgisk avdeling er ein del av Klinikk Hode Hals. Vi behandlar sjukdommar og skadar i tenner, munnhole og kjevar. Kjevekirurgisk avdeling behandlar ca 5000 pasientar i året, både barn og vaksne. Avdelinga har ein poliklinikk med undersøkings- og operasjonsrom, i tillegg til ein tannklinikk. Tilvising frå tannlege eller lege er nødvendig.

Ved kjevekirurgisk avdeling blir det gjort utgreiing og behandling av sjukdommar og skadar i munn, tenner og kjever. Vi tar også imot tilviste pasientar i sjukehuset som treng vurdering av tannstatus med spørsmål om infeksjonsfokus. Dette er aktuelt i samband med utgreiing for hjarteoperasjon, høgdosebehandling med kjemoterapi og/eller organtransplantasjonar. 

På operasjonsstovene gjer vi ulike inngrep på tenner, slimhinner og kjever med lokalbedøving. Eventuelt kan ein etter vurdering også få tilbod om beroligande. I tillegg utfører vi operasjonar i narkose.

 
Vanlege problemstillingar i poliklinikken:

  • Visdomstenner
  • Rotrestar
  • Tannimplantatbehandling for fast forankring av tenner
  • Godarta svulstar og cystiske prosessar i munn og kjeve
  • Akutte og kroniske infeksjonstiltandar
  • Slimhinnesjukdommar
  • Kjeveleddsplagar
  • Kjevestillingsavvik med over-/under bitt, eller opne bitt 
  • Brot i tenner, kjeve- og ansikt
  • Sårskadar i munn og leppe

Pasientane våre treng alt frå enkel behandling med få besøk, til meir krevjande og omfattande behandling med lengre oppfølging.

Hos oss abeidar oral/kjevekirurgar, tannlegar, operasjonssjukepleiarar, sjukepleiarar, kreftsjukepleiar, sekretærar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar. Vi samarbeidar med ulike avdelingar på sjukehuset, og har eit tett samarbeid med dei andre einingane i klinikken som vi er ein del

Dei hyppigaste årsakane for sjukehusinnlegging hos oss er større kjeveoperasjonar, infeksjonar og skadar som kjeve- og ansiktsbrot. Dei fleste pasientane ligg inne i kort tid (2-3 dagar), men nokon har behov for lenger opphald (1-2 veker). Dei fleste av pasientane blir skrivne ut til heimen sin, eller tilbakeført til ein annan institusjon.

  • Vaksne pasientar ligg på Hode Hals Øye sengepost i 5. etasje i Sentralblokka
  • Barna ligg på Barnekirugen i Glasblokkene

 

Tannbehandling i narkose, barn og vaksne

Tannbehandling i narkose er eit tilbod til barn og vaksne som treng narkose for å kunne gjennomføra behandlinga. Behandlinga blir gjort på operasjonsavdelinga i Glasblokkene. Sjå oppmøtestad i innkallinga.

Les meir om tilvising og tannbehandling i narkose, barn og vaksne
Flyfoto av sykehuscampus med mange bygninger og bybanestopp.

Kontakt

Kjevekirurgisk poliklinikk

Mandag-fredag kl. 08.00 - 15.00.

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Kjevekirurgisk poliklinikk
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kjevekirurgisk poliklinikk:
Sentralblokka, 2. etasje nord - ventesone D7

Sengepost:
Sentralblokka, Kjevekirurgisk / Hode Hals Øye  - 5.etasje nord

Tannbehandling i narkose, barn og vaksne:
Glasblokkene, Blokk 6, U1 - ventesone B14

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

Aktuelle saker