Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyresentralen

Høyresentralen er ein seksjon under Øyre-nase-halsavdelinga og har ansvar for utgreiing av vaksne med høyrselsplager. 

Nedsett høyrsel

Nedsett høyrsel rammar mange og dei vanlegaste årsakene er aldersrelatert høyrselstap og støyskadar. I tillegg fins det ei rekkje andre årsaker som arveleg høyrselstap og høyrselstap som følge av operasjonar eller infeksjonar.

Cochleaimplantat

Ved Høyresentralen tek vi i mot vaksne til vurdering av behov for cochleaimplantat. Det er også vi som har ansvar for oppfølging av vaksne frå heile Vestlandet med cochleaimplantat.

Tilvising 

For utgreiing av høyrselstap treng du tilvising frå lege. Det er ein fordel om det er gjort undersøking av høyrsel hos fastlege, bedriftshelseteneste eller liknande på førehand. 

Tilvisinga sender legen til Høyresentralen eller til ein privatpraktiserande øre-nese-hals-lege som har offentleg avtale.

Barn under 18 år

Barn og unge under 18 år får utført utgreiing av høyrsel på Barne-og ungdomsklinikken. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk for hovud-hals Øyre-nase-hals avdelinga Høyresentralen Postboks 1400 5020 Bergen

Endre eller avbestille time

Endre eller avbestille time
Dersom du ikkje kan nytte timen du har blitt tildelt må du gi beskjed om dette snarleg slik at vi unngår unødig ventetid for andre pasientar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Høyresentralen finn du i 2.etasje i Sentralblokka. 

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen