Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Praktisk informasjon

Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.   Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.

Andre tilbod 

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om ​sikkerheit,personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta.

Informasjon til pasient som skal bruke videokonsultasjon mot Helse Bergen

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. At barnet har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.

Les meir om tilbod for barn på sjukehuset

Her på Haukeland ønsker vi å legge til rette for at ungdom får god, tilpassa informasjon om sjukdom og behandling. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kunne halde kontakt med vener og familie, og at du ikkje går glipp av for mykje skulegang.

Les meir om tilbod for ungdom på sjukehuset

Pasientbiblioteket har no flytta til foajéen i Sentralblokka, like ved resepsjonen og lokala til Pasientreiser. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Les meir om Pasientbiblioteket

Utanfor Cafe3 i 3. etasje i Sentralblokka finn du tre ulike hagar til glede for pasientar og pårørande på Haukeland. Haukelands venner sin rosehage, medisinarstudentanes urtehage med spiselege vekstar og «Hagen på taket» - ein bevaringshage som er eit samarbeidsprosjekt mellom sjukehuset og Botanisk hage som skal ta vare på trua arter.

Les meir om Urtehagen

Les meir om Bevaringshagen

Haukeland universitetssjukehus har mange kunstverk. Nokre av desse er kjøpt inn i samband med nybygg, andre er gåver frå enkeltpersonar, firma, organisasjonar eller stiftingar.

I tillegg til kunst, har sjukehuset mange ulike formar for utsmykking som er med på å forme det visuelle inntrykket for pasientar, besøkande og tilsette ved sjukehuset.

Les meir om kunst på Haukeland


Transport til og frå sjukehuset

Treng du overnatting?

Pårørande og pasientar som ikkje har behov for døgnkontinuerleg tilsyn og pleie kan bo på Haukeland hotell. Hotellet ligg sentralt plassert på sjukehusområdet, og har tilsette med sjukepleiefagleg bakgrunn til stades i resepsjonen døgnet rundt.

Les meir om tilbodet ved Haukeland hotell

Dersom Haukeland hotell ikkje har ledig kapasitet, har sjukehuset avtale med nokre hotell i Bergen sentrum. Ved bestilling oppgir du at de er pårørande / pasientar ved Haukeland universitetssjukehus, og de vil få avtalepris.

Hotell som har avtale med sjukehuset i prioritert rekkjefølgje:

Kart over sjukehusområde

Helse Bergen har størstedelen av verksemda si på og ved Haukeland universitetssjukehus i Årstad bydel i Bergen. I tillegg kjem store einingar som mellom anna Psykiatrisk klinikk i Sandviken, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås, Kysthospitalet i Hagevik og Voss sjukehus.
Meir informasjon og kart
Flyfoto over haukelandsområdet.

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
Les meir om dine rettar
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg

Informasjon til pårørande

Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon. Her finn du gode råd og informasjon til deg som er pårørande.
Les meir
Fire personer sitter rundt et bord. Foto
Sist oppdatert 29.02.2024