Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rehabiliteringstilbod etter kreftbehandling

Her finn du informasjon om rehabiliteringstilbod som kan vere aktuelle for deg som har seineffektar etter kreftbehandling.

Tilvising til private rehabiliteringsinstitusjoner

Helse-Vest har avtale med ei rekkje rehabiliteringsinstitusjonar. Fleire har aktuelle tilbod til kreftoverlevarar. Alle tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar skal vurderast av Regional vurderingseining for rehablitering (RVE).

Tilvising til rehabilitering

Ravneberghaugen

Ravneberghaugen er en privat, ideell stiftelse som ligger i naturskjønne omgivelser på Hagevik i Bjørnafjorden kommune, ca. 29 km sør for Bergen sentrum. 

Tilbud til pasienter med kreftlidelser - Ravneberghaugen

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon med tilbod om døgnrehabilitering. Dei held til i Flekke i Fjaler kommune.

Kreft - Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

CatoSenteret

CatoSenteret ligger i Son i Vestby kommune og er ein privat ideell stiftelse som tilbyr spesialisert rehabilitering på oppdrag for Helse Sør-Øst og Helse Midt-Norge. Det er også mogeleg å søke fra andre delar av landet gjennom Regional vurderingseining for rehablitering (RVE) dersom det er ledig kapasitet.

Kreftrehabilitering - CatoSenteret

Montebellosenteret

Montebellosenteret er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og deira pårørande, og ligg i Innlandet i nærheten av Lillehammer. Dei tilbyr kursopphald med fokus på meistring av livet. Du søkjer sjølv, men det krevst ei legeerklæring. 

Montebellosenteret - Lær å leve med endringer som følge av kreft

 

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR)

KOR er ein del av Kreftklinikken og har hovudsakleg tilbod om tidleg rehabilitering under og rett etter kreftbehandling. Per i dag finst det tilbod til pasientar med fatigue etter kreftbehandling som kan vere aktuelt også der det er lengre tid sidan avslutta kreftbehandling.

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR

 

Treng du meir informasjon om rehabilitering kan du ringe den landsdekkande telefontenesta

ReHabiliteringstelefonen

Sist oppdatert 12.12.2025