Brukarpanelet ved Kvinneklinikken
Brukarpanelet er ein viktig del av Kvinneklinikken sitt kvalitetsarbeid og sikrer brukarmedverknad til alle delar av vår verksemd. Panelet består av kvinner i alle aldre, som er eller har vore brukarar av Kvinneklinikken sine tenester eller pårørande til våre pasientar.
Bakgrunn og hensikt
Kvinneklinikken oppretta eit eige brukarpanel hausten 2019. Panelet er eit supplement til eksisterande brukarmedvernad mellom anna organisert gjennom Helse Bergen sitt brukarutval.
Kvinneklinikken sitt brukarpanel har i oppgåve å bidra med råd og innspel i spørsmål som gjeld pasienttilbodet, forsking, organisasjonen og kvardagen på Kvinneklinikken. Panelet arbeider tett med klinikkleiinga.
Brukarpanelet ved Kvinneklinikken er ein viktig bidragsytar inn i prosessar og avgjerdsler i klinikken, fremjer brukarperspektivet til gravide og fødande kvinner, samt representerer brukerstemma for kvinner med gynekologiske sykdommar og problemstillingar.
Helse Bergen sitt brukarutval arbeider med brukarmedverknad på
systemnivå, ved hjelp av representantar frå ulike organisasjonar. Brukarpanelet ved Kvinneklinikken er imidlertid eit organ for å ivareta brukarmedverknad på mellom-/erfaringsnivå og deltakarane i panelet representerer ikkje spesifikke organisasjonar/foreninger.
Om panelet
Brukarpanelet består av 6-8 personar med brei samansetjing i erfaringsgrunnlaget.
Engasjementet vert lyst ut og medlemmane vert vald ut på bakgrunn av erfaring, interesse, engasjement og personleg egnethet og kan vere engasjert i 2-6 år.
Panelet møtast 2-3 gonger pr. halvår. Møtene vert halde fortrinnsvis på ettermiddagstid og vert honorert.