Kvinneklinikken har fått eige brukarpanel

Det nye brukarpanelet på KK har hatt sitt aller første møte. – Eg håpar vi kan bli ein ressurs for KK i åra som kjem og trur vi blir eit viktig bindeledd mellom brukarane og klinikken, seier Anett Eidsvåg Garvik.

Publisert 15.12.2019
Sist oppdatert 07.02.2022
Brukerpanelet
Brukerpanelet på KK 2019

Ho er eitt av sju nøye utvalde medlemmar i panelet som skal framme brukarperspektivet til gravide, fødande og kvinner med gynekologiske sjukdommar. Saman med Ane Straume og fem andre kvinner hadde dei nyleg oppstartsmøte, som omtalast positivt både av panelet og dei som deltok frå KK.

Straume meiner det var eit godt og viktig grep av KK å opprette eit brukarpanel. Ho fremmar at god brukarmedverknad kan vere heilt sentralt når ein skal utvikle og oppretthalde eit godt helsetilbod. 

–  Sjølv om det er viktig, kan det og vere utfordrande å involvere brukarar i det arbeidet ein gjer. Eg ønskjer at innspela våre blir integrert i vidareutviklingsarbeidet på KK. Basert på det innleiande arbeidet og det første møtet, er eg svært positiv til at dette kjem til å skje på ein god måte, seier Straume - som sjølv  jobbar i eit forskingsmiljø der fokus ligg på kvinne- og barnehelse.

Mange ville med
Det var i alt 64 kvinner som søkte om å få bli med i Kvinneklinikken sitt brukarpanel. Til slutt kom altså sju gjennom nålauget, etter både søknad og intervjurundar.

Garvik og Straume har begge født barn på KK. Dei ser fram til å bli betre kjend med dei andre i panelet, og seier det verker å vere ei gruppe med reflekterte og engasjerte kvinner. I tillegg trekk dei fram at det har vore eit positivt møte med dei tilsette ved KK som er involvert i opprettinga av brukarpanelet.

– Eg opplever at KK har gjort ein veldig god jobb i å velje ut og sette saman gruppa. Vi er ei svært variert gruppe med ulike erfaringar som kjem med nyttige innspel. Felles for oss alle er eit genuint engasjement for kvinnehelse og fødetilbodet i Bergen og regionen.  Det var gode diskusjonar frå første stund, seier de to.

Vil bli betre
Agnethe Lund er klinikkoverlege på KK og svært fornøyd med at brukarpanelet er på plass.

Fordi KK tilbyr viktige tenester for kvinner og heile befolkninga, har mange meiningar om tilbodet. Det har vore tydelege tilbakemeldingar om å lytte meir til brukarane.

– No har vi hatt eit godt bli-kjend-møte. Når vi møtes igjen på nyåret er planen at panelet sjølv skal bli med på å definere rolla si. Vi er opptekne av dialog, at vi får innspel frå dei, men og at vi kan be om tilbakemeldingar frå dei på spesifikke spørsmål og planar. Vi håper på at betre dialog vil skape større tillit, seier ho før ho legg til:

–  Vi treng dette for å bli betre.