Gyn-pasientar til Voss

– Om du får tilvising til Gynekologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), kan du òg få tilbod om time på Voss sjukehus.

Publisert 12.03.2019
Sist oppdatert 14.02.2023
KK venteareale

Det fortel seksjonsoverlege Heidi Thornhill ved Kvinneklinikken på HUS.

– For å korte ned ventetider for pasientane våre, har vi inngått ein samarbeidsavtale med våre dyktige kollegaer ved Gynekologisk avdeling på Voss sjukehus. Dei skal ta i mot pasientar som like gjerne kan få poliklinisk time der som her i Bergen, seier Thornhill.

Ho trur det er nyttig for pasientane som får tilvising til gynekologisk konsultasjon hos spesialist, å få vite dette så tidleg som mogleg, helst allereie hos fastlegen eller den som tilvisar.

– Då kan ein førebu seg og kanskje unngå å bli overraska dersom du får innkalling til poliklinisk avtale på Voss sjukehus og ikkje i Bergen. Om det er behov for vidare behandling som operasjon og etterkontrollar, vil det også skje på Voss dersom ikkje anna blir avtalt.

Kven er det som no skal til Voss?
– Mange av dei med tilvising til KK har kortare reiseveg til Voss, så desse vil truleg få time der. Samstundes gjeld dette eigentleg alle kvinner som skal til ein gynekologisk spesialist på sjukehus, men kor du bur og kva slags type konsultasjon du skal ha, vil spele inn i seleksjonen. Pasientar med dei mest komplekse problemstillingane blir ikkje sendt til Voss! I tillegg tek vi omsyn til korleis det er reint praktisk for dei tilviste å reise til Voss framfor Bergen. Pasientar som bur i Bergen og får time på Voss, får dekt reisa av Pasientreiser.

— Tilbodet for pasientane er akkurat det same, men på Voss i staden for i Bergen. Dette gjør vi for å kunne hjelpe fleire raskare på rett stad og best utnytte den totale kapasiteten som finnes i Helse Bergen, understreker Thornhill.