
Kvinneklinikken KK
Kvinneklinikken tek årleg i mot mellom 4000 og 4500 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 500 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt
Telefon
Innleggingstelefon for fødande | Admission line for women in labour
55 97 22 00Ring før du reiser til oss | Please call before coming to hospital
Resepsjon Kvinneklinikken
55 97 42 00Telefaks
55 97 15 59Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen
E-post
Logg inn for å endre time
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene 5 - 8
Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen
7. november flytter Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. Her finn du informasjon om kor vi held til, korleis du finn vegen, opningstider og anna praktisk informasjon.

Praktisk informasjon
Avdelinger
Slik blir framtidas føde- og barseltilbod på Haukeland
7. november 2023 flytta Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. I det nye og moderne sjukehuset vil fødekvinnene og dei nyfødde få eit heilskapleg tilbod tilpassa kvar enkelt.

Forsking på KK
Det er høg forskingsaktivitet på Kvinneklinikken. Nokre av satsingsområda våre er forsking innan fostermedisin og kreft, og registerforsking i samarbeid med Medisinsk fødselsregister og Kreftregisteret. Våre forskingsresultat vert publisert i nasjonale og internasjonale tidskrift og databasar.

Gravid? Vi treng nokon opplysningar frå deg FØR du kjem til oss på ultralyd
Gå inn i din fødejournal på helsenorge.no og registrer viktig informasjon.

Smertelindring ved fødsel
Eit nytt samvalsverktøy gir informasjon om dei ulike smertelindringsmoglegheitene som finst i Noreg, og omhandlar også fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa.

Gyn-pasientar til Voss
Om du får tilvising til Gynekologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), kan du òg få tilbod om time på Voss sjukehus.

Samtalar om seksualitet for kvinner
Forholdet mellom kropp og seksualitet er tett, og det er ikkje uvanleg å få eit annleis forhold til seksuallivet når kroppen blir endra. Gjennom samtalar kan du få auka innsikt og forståing for din eigen situasjon. Sexologen kan gi råd i forhold til dei utfordringane som du opplever.

Vil du jobbe hos oss?
KK er på jakt etter nye, dyktige medarbeidarar. Hos oss jobbar mange yrkesgrupper saman for kvinnehelsel

Graviditet - mindre eller fravær av fosterbevegelsar i svangerskapet
Bevegelsar frå barnet i magen gir deg tryggleik om at barnet har det bra. Opplever du at barnet ikkje bevegar seg eller bevegar seg mindre og mindre, er dette ofte normalt. Men dersom det varer meir enn nokre timar, kan det vere eit av dei første teikna på at barnet ikkje har det bra i magen. Då må du kontakte Fødeavdelinga for vidare oppfølging!

Innovasjonsprosjekt ved KK
Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia

Slit du med å bli gravid?
Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. Dei tre mest vanlege årsakene er nedsett sædkvalitet, skada eggledarar og eggløysingssvikt. Vi tilbyr utgreiing og behandling til par med ufrivilleg barnløyse.
