Pasientskjema for assistert befruktning
Her finn du ei oversikt over pasientskjema du skal fylle ut når du skal, eller er i, behandling ved Fertilitetssenteret. Du vil få beskjed frå seksjonen om kva skjema vi treng frå deg.
Helse Bergen har teke i bruk tenesta VestDialog. Det betyr at du kan sende oss brev og dokument via ein sikker kanal.
Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via VestDialog.
- For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m).
- Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Fertilitetssenteret
Fertilitetssenteret
Postboks 1400
5021 Bergen
(Ver merksam på at brev sendt per post kan bruke opptil 14 dagar på å nå avdelinga)
Sist oppdatert 13.03.2026