Pasientskjema for assistert befruktning

Her finn du ei oversikt over pasientskjema du skal fylle ut når du skal, eller er i, behandling ved Fertilitetssenteret. Du vil få beskjed frå seksjonen om kva skjema vi treng frå deg.

Helse Bergen har teke i bruk tenesta eDialog, så no kan de sende oss brev og dokument via ein sikker kanal.

Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog. 
  • For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Dokumenta må vere i PDF-format
Nærare beskriving av framgangsmåte ved bruk av eDialog​ 

Du kan også sende skjema per post til:
 
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
​Fertilitetssenteret
Postboks 1400
5021 Bergen
(Ver merksam på at brev sendt per post kan bruke opptil 14 dagar på å nå avdelinga)


 

​​

Egenerklæring – kvinne

Egenerklæring – mann 

Avtale om assistert befruktning ved forsamtale

Agreement on assisted reprodction at pre-consultation

Bruk av sædprøve til trening av politihunder

De må og søke om politiattest/barneomsorgsattest før søknaden om assistert befruktning kan godkjennes. Alle som søker om assistert befruktning må legge fram ein slik attest, både kvinna og eventuell partner. Attesten kan søkes om elektronisk.

Sist oppdatert 22.09.2023