Innovasjon på KK

Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og på KK er vi stolte av å ha to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia

Hånd peker mot ulike ikoner. Foto/illustrasjon
Foto: Colourbox.com

FetoCalc

FetoCalc er ein digital kalkulator for berekning av svangerskapslengde og fostervekst​. Med denne kalkulatoren kan ein på ein sikker og enkel måte:

  • Berekne svangerskapsalder
  • Berekne termindato
  • Berekne fosterets vekt med persentilar
  • Berekne fosterets tilvekst med persentilar
  • Vurdere blodstrøms-målingar hos fosteret
  • Oppsummering kan enkelt kopierast til journal
  • Kurve kan skrivast ut til pasient
  • Kjønnspesifikk vurdering

Løysinga skal primært brukas av helsepersonell under konsultasjon, men skal også vere tilgjengeleg for den gravide i etterkant.

FetoCalc er utvikla av seksjonsoverlege Synnøve Lian Johnsen på KK, i samarbeid med Helse Vest IKT.

Spør Dina

Er du gravid og har fått diabetes i svangerskapet? Da er det kanskje mange ting du lurer på. Vi håpar at Dina kan gi svar på nokre av spørsmåla dine. Dina er ein robot utvikla av helsepersonell frå Kvinneklinikken og Bergen kommune.
Meir informasjon om Dina
Roboten Dina. Grafisk illustrasjon
Sist oppdatert 10.02.2023