Anafylaksiregisteret

Anafylaksiregisteret er eit kvalitetsregister tilhøyrande Haukeland universitetssjukehus. Registeret har som mål å auke kunnskapen om anafylaksi og betre helsetenesta for dei som blir ramma. Alle anafylaktiske reaksjonar kan meldast til registret - som reaksjonar mot anestesi og andre legemiddel, mat, insektsstikk eller andre allergen.

Anafylaksi kan få store negative konsekvensar for den pasienten det gjeld. Mangelfull utgreiing kan gje auka risiko for ny hending, og usikkerheit omkring utløysande årsak til reaksjonen skaper frykt som kan gje redusert livskvalitet. Usikkerheit omkring utløysande årsak til behandlingsrelaterte anafylaksiar kan også påverke pasienten sine livsutsikter som følgje av avslutta eller endra behandling.

Anafylaksiregisteret er etablert for å overvake handtering undervegs og i etterkant av akutt anafylaksi og for å bidra til at pasientar får utgreiing og blir behandla etter gjeldande retningsliner. 

Det skal bidra til å rette fokus mot effektiv initialbehandling og diagnostikk, oppfølgande allergologisk utgreiing og optimal informasjonsflyt mellom omsorgsnivåa, samt med pasientane og deira pårørande. Resultatmål inkluderer svar på laboratorieanalysar, kliniske utfallsmål og pasientrapporterte effektmål.


Registeret har tre hovedmålsettingar:

  1. Å fremme en einskapeleg diagnostikk og behandling av anafylaktiske reaksjonar.
  2. Å forbetre helsetenesta for pasientar med akutt anafylaksi, ved å registrere og måle resultat av diagnostiske tiltak og behandling.
  3. Å gje informasjon om førekomst og gjentakingsrisiko for anafylaksi samt overvake og identifisere utløysande årsak til anafylaksi.

Anafylaksiregisteret er ein del av verksemda til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Registeret er eit lokalt kvalitetsregister godkjend av Personvernombodet ved Haukeland universitetssjukehus (Id nr: 2016/9007) og registrert ved Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest.

Leiar av registeret

Spesialbioingeniør Kari Eilidh Mikkelsen ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Anafylaksiregisteret er organisert under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Rekvisisjonsskjema (PDF)

Rekvisisjon for anafylaktisk reaksjon
Rekvisisjonsskjema (PDF)
skjema

    Forsking

    Laboratorium for klinisk biokjemi, Haukeland universitetssjukehus, driver forskningsprosjekt som omhandlar anafylaksi og allergiske reaksjonar samt ein generell biobank for allergianalyser
    Forsking
    Personer på bro