Medisinsk biokjemi og farmakologi

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er eitt av dei største sjukehuslaboratoria i Noreg. Laboratoriet er ansvarleg for drift av felles prøvemottak i Laboratorieklinikken og utfører prøvetaking for Helse Bergen sine avdelingar og poliklinikkar. Det er tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Bergen.

MBF har rundt 350 tilsette. Det er for det meste bioingeniørar som er tilsett på laboratoriet, men også andre yrkesgrupper som legar, helsesekretærar, kjemikarar og molekylærbiologar. 
MBF utfører årleg over 10 millionar analysar for spesialist- og primærhelsetenesta. Hovudtyngda av analysane er elektronisk rekvirert. Det finnast og rekvisisjonsskjema i papir for dei som ikkje har moglegheit for elektronisk rekvirering.
 
Vi har sterkt fokus på riktig bruk av laboratorieanalysar og kva klinisk betyding eit analysesvar har for sjukdom og behandling. MBF styrkar kunnskapen gjennom forsking og undervising på høgt internasjonalt nivå. I legegruppa er det spesialistar i medisinsk biokjemi og i klinisk farmakologi som yter rådgiving til helsepersonell i diagnostikk og behandling av sjukdom.
 
Laboratoriet er delt inn i ulike driftsseksjonar avhengig av fagområde og/eller lokalisasjon. Store delar av laboratoriet har døgndrift. 

Pasientnær analysering (PNA) blir definert som laboratorieundersøkingar som blir utført nær pasienten. PNA blir utført både i og utanfor sjukehus. Les meir om PNA og søknadsskjema for anskaffing av utstyr i Helse Bergen.
 

Kontakt

Postadresse

Besøksadresse

Laboratoriebygget 2.etg
Adkomst via Sentralblokka 3. et. Følg gangbroen over til Laboratoriebygget, og deretter heis / trapp til 2. et.

Adresse for innsending av prøver

Haukeland universitetssjukehus
Felles prøvemottak
Jonas Lies vei 91 B
5021 Bergen

E-post

mbf@helse-bergen.no
klinisk.farmakologi@helse-bergen.no,
medisinsk.biokjemi@helse-bergen.no
hormonlaboratoriet@helse-bergen.no

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Skal du ta blodprøver?
Sjå nettsida til Poliklinikk for blodprøvetaking for meir informasjon om oppmøtestad og opningstid

Vår avdeling er lokalisert:

 

 

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Zander Kaaes gate 7

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Analyseoversikten

Sjå vår elektroniske analyseoversikt for informasjon om alle våre analysar, Lab-info og for bestilling av prøvetakingsutstyr.
Analyseoversikten
Forsiden til analyseoversikten. Skjermdump

Poliklinikkar for blodprøvetaking

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) har eigne poliklinikkar for blodprøvetaking, først og fremst for pasientar som er innlagde eller får poliklinisk behandling ved sjukehuset.
Les meir om prøvetakingsstasjonane
Blodprøvetaking