Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-Norge)

Registeret skal kartlegge kor mange som vert fedmeoperert i Norge, og gi eit bilete av kvaliteten på behandlinga. Opplysningar frå registeret vert nytta til å betre pasientbehandlinga, og kan bli brukt til forsking.

Fedmekirurgi er eit fagfelt i stadig endring og utvikling, og SOReg bidrar til at ein systematisk kan granske effekten av slike endringar. Eit felles skandinavisk register gjer det mogeleg å samle inn opplysningar frå fleire land og dermed oppnå eit større samanlikningsgrunnlag for å kunne vurdere kvaliteten på og effekten av kirurgi.
Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg) vart først utvikla og tatt i bruk i Sverige (SOReg-S) i 2007. Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) er bygd opp i nært samarbeid med og på same måte som det svenske registeret.

SOReg-Norge fekk nasjonal status i 2015. Det norske registeret er drifta av Helse Vest HF, og målet er at alle som utfører fedmekirurgi i Norge skal kunne legge inn opplysningar om pasientane dei behandlar.

På ditt samtykke vert det lagt inn opplysningar frå forundersøkingane til operasjonen, detaljar frå sjølve operasjonen, og frå oppfølging  etter 6 veker, 1 år, 2 år, 5 år og eventuelt 10 år. Eksempel på opplysningar er alder, vekt, fedmerelatert sjukdom som diabetes og høgt blodtrykk, operasjonsmetode og komplikasjonar.

Alle opplysningar om deg blir handsama med same krav til teieplikt og tryggleik som journalen din på sjukehuset. Dei opplysningane som kan identifisere deg blir berre nytta til kvalitetsforbetring. Ved analysar og samanlikningar på nasjonalt nivå vert personopplysningane fjerna. I tilfelle der opplysningar blir brukte til forsking blir dei anonymiserte.

Å delta i kvalitetsregisteret er frivillig, og du vil bli spurt om å gi samtykke til at vi kan leggje inn opplysningar om deg i databasen. Du kan til ei kvar tid få innsyn i kva som er registrert om deg, få retta opp i eventuelle feil, eller få sletta opplysningane som er registrert.

Du har også rett til å avstå frå deltaking i kvalitetsregisteret utan at det har nokon innverknad på di behandling og oppfølging.

Registerleiar

Villy Våge
Telefon: 90 86 37 44
E-post: villy.vage@helse-bergen.no

Fagrådet si viktigaste oppgåve er å sikre høg fagleg kvalitet i registeret. Fagrådet skal ta strategiske val knytt til kvalitetssikring og vidareutvikling, utarbeide retningsliner for bruk av opplysingar i registeret, og behandle førespurnader om utlevering av data. 

Vidare skal fagrådet godkjenne årsrapportar og tilsvarande faglege dokument, føreslå endringar av vedtekter, definere forskingsspørsmål, følgje opp fagutvikling og sørge for at registeret blir nytta til klinisk kvalitetsforbetringsarbeid. Rådet skal òg vere rådgjevar for dagleg leiar.

I fagrådet er kvart regionalt helseføretak, private aktørar, Norsk foreining for gastrointestinal kirurgi, Norsk foreining for fedmekirurgi, og Landsforeininga for overvektige representert. 

  • Tom Mala, Helse Sør-Øst, leiar

  • Torunn Kristin Nestvold, Helse Nord

  • Jorunn Sandvik, Helse Midt 

  • Jonas Nedkvitne, Helse Vest

  • Christian Lyckander, Private sjukehus

  • Ghous Gondal, Norsk foreining for gastrokirurgi (NFGK)

  • Jon Kristinsson, Norsk foreining for fedmekirurgi (NFFK)

  • Eva Aarskog, Landsforeininga for overvektige (LFO)

  • Villy Våge, registerleiar (møterett, ikkje stemmerett)

Aleris Oslo: Anne Holmøy Holseth, 22 12 49 91 /40 22 62 36 , anne.holseth@aleris.noMerete Meyer, 22 12 49 91 /90 04 05 69 , merete.meyer@aleris.no

Aleris Trondheim: Janne-Britt Murvold, 93 46 62 51 , janne-brit.murvold@aleris.no

Helse Bergen HF: Synnøve Selje, 91 10 30 16 , synnoeve.selje@helse-bergen.no  

Helse Fonna HF: Vigdis Dagsland, 93 60 22 51 , vigdis.dagsland@helse-fonna.no

Helse Førde HF: Birthe Nistad, 57 83 99 10 /95 20 26 45 , birthe.nistad@helse-forde.no

Helse Møre og Romsdal HF: Mona V. Uggedal, 70 10 52 61 /91 88 23 46 , mona.valderhaug.uggedal@helse-mr.noAnne Berit Dalhaug, 70 10 52 61 /40 48 05 99 , anne.berit.orjaseter@helse-mr.no

Helse Nord-Trøndelag HF: Gøran Andersen, 99 38 18 86 , goran.troseth.andersen@helse-nordtrondelag.noVenke Edvardsen, 95 96 74 67 , venke.edvardsen@hnt.no

Helse Stavanger HF: Henrik Hætta, 99 11 30 88 , henrik.harald.hetta@sus.no

Ibsensykehuset: Christian Lyckander; 47 80 47 30 , Christian@Ibsensykehusene.no

Nordlandssykehuset HF: Nina Lillegaard, 75 53 48 50 /98 40 50 57 , nina.lillegaard@nlsh.no

Oslo Universitetssykehus HF: Inger Eribe, 23 03 31 72 /95 14 94 35 , inerib@ous-hf.no

Privatsykehuset Haugesund: Ragnhild Junge, 90 79 07 69 , ragnju@privatsykehuset.no

St. Olavs hospital HF: Åsne Ask Hyldmo, 47 37 87 17 , Asne.Ask.Hyldmo@stolav.no

Sykehuset Vestfold HF: Marius Svanevik, 41 22 30 22 , marius.svanevik@siv.no

Sykehuset Innlandet HF: Janne Dahlby Rostad, 61 15 78 86 /47 03 19 84 , janne.dahlby.rostad@sykehuset-innlandet.no

Sykehuset Østfold HF: Vibeke Jahle, 92 09 27 54 , vibeke.jahle@so-hf.no

Sørlandet sykehus HF: Atle Bernstein, 37 01 47 49 , atbe@sshf.noJanne Stien, 90 29 29 83 , janne.stien@sshf.no

Vestre Viken HF: Anne Bente Tvenge, 40 87 97 33 AnneBente.Tvenge@vestreviken.no


Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 13:00
  • Tysdag 08:00 - 13:00
  • Torsdag 08:00 - 13:00
  • Fredag 08:00 - 13:00
  • Onsdag STENGT
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Kurs og møter

Registerdag for SOReg-Norge 2023

Fredag 26. mai inviterte vi til registerdag for SOReg-N. Her vert det høve til å diskutere registreringspraksis og å få fagleg påfyll.
Presentasjonar
Kirsebærtre i full blomst, rosa blomster mot blå himmel. Foto

Bergen Obesity Day 25th of May 2023

Bergen Obesity Day 2023 vart avvikla 25. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.
Presentasjonar
Utsiktsbilde over Bergen sentrum med Vågen og med Askøy og Sotra i horisonten. Foto

Aktuelle nyheiter

  • 16. juni 2023
    Bergen Obesity Day 2023

    Bergen Obesity Day 2023 vart avvikla 25. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.

  • 15. juni 2023
    SOReg-dagen 2023

    SOReg dagen vart avvikla 26. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.Takk til alle som kom på SOReg-dagen 2023.

  • 22. februar 2022
    SOReg-dagen 2022

    SOReg-dagen 2022 vart avvikla 20. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.