Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka

Poliklinikken i Sentralblokka er først og fremst for pasientar som er under behandling ved Haukeland sjukehus. I tillegg kan pasientar bli tilvist frå fastlege/spesialist som er totalkundar ved sjukehuset. Legen må ha oppretta ein rekvisisjon, enten elektronisk eller på papir. Du betalar ingen eigendel.

Vi oppmodar pasientar som berre skal ta blodprøve til å nytta vår poliklinikk i Bergen sentrum, Zander Kaaes gate 7 eller Region Nordhordland helsehus, Knarvik. I sentrum kan ein bestilla time for prøvetaking av barn.

Poliklinikkane våre er stengde på heilagdagar og har redusert bemanning ved ferieavvikling. Sjå opningstidar for kvar enkelt poliklinikk.

Kontakt

Slik finn du fram

Adresse

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Åpningstider for poliklinikken i Sentralblokka

  • I dag 07:30 - 15:00