Om Søvnpoliklinikken

Her kan du lese meir om drifta ved Søvnpoliklinikken.

Søvnpoliklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus (tidlegare kalt Senter for søvnmedisin), opna i mars 2011. Senteret ligg administrativt under lungeavdelinga, men blir drive i samarbeid med dei andre to fagavdelingane som driv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar (øyre-nase-hals- og nevrologi/nevrofysiologi). I tillegg er det knytt tannlækjarar og ein psykiater til senteret. 

Søvnpoliklinikken består dermed av eit tverrfagleg team av lækjarar, sjukepleiarar og merkantilt tilsette frå fleire fagavdelingar. Desse har stillingane knytt til dei respektive avdelingane, men har heil eller delvis arbeidsstad ved senteret. Den unike samlokaliseringa av dei ulike fagavdelingane styrkjer kompetansen innan klinisk søvnmedisin til beste for pasientgruppa. Målet for Søvnpoliklinikken er å bli det leiande sjukehussenteret innan søvnmedisin i Norden.

Bjørn Bjorvatn, overlege/professor og leiar av Søvnpoliklinikken

Ingvild West Saxvig, forsker, koordinator forskingsdatabase

Hilde Kristin Tveit, koordinator drift

Kristel Svalland Knudsen, seksjonsoverlege lungeavdelinga
(permisjon våren 2024)

Gunnar Reksten Husebø, overlege lungeavdelinga
(stedfortreder våren 2024)

Christian Bersagel, legespesialist øyre-, nase- halsavdelinga

Tom Eichele, avdelingssjef klinisk nevrofysiologisk avdeling

Petter Sanaker, avdelingssjef nevrologisk avdeling

 

Vil du vite meir om søvn?


På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), kan du finne mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.

Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)
En gruppe firkanter
Sist oppdatert 12.06.2024