Hypersomni

Hypersomni betyr økt søvn eller økt søvntrong.

Pasientar med hypersomni plagast med store problem med å holde seg våken i situasjonar der andre menneske ikkje synes det er vanskeleg. Den mest kjente hypersomnien er narkolepsi. En annan viktig hypersomni er idiopatisk hypersomni.

Du kan lese meir om hypersomniar her.

 

Utgreiing av hypersomni/narkolepsi:

Utgreiing av hypersomniar inneber som regel ei nattleg søvnregistrering, samt ei registrering av søvn på dagtid. Søvnregistreringa går ut på å sove med elektrodar/leidningar til festa til hovudet for å måle hjerneaktivitet, medan sensorar under nasen, på fingeren, på beina og rundt brystkasse/mage målar pusten din og beinbevegelsar medan du søv. Ei slik utgreiing kallast polysomnografi (PSG). Oppkoplinga til PSG gjerast på sjukehuset, men for dei som bor i rimeleg nærleik til sjukehuset gjerast den nattlege registreringa heime i eiga seng. Søvnregistrering på dagtid kallast multippel søvnlatenstest (MSLT), og gjerast på Søvnpoliklinikken.

 

Behandling av hypersomni/narkolepsi:

Behandlinga varierer etter kor alvorlege symptoma er. Generelt er det er viktig å passe på å få nok nattesøvn. Dei fleste pasientar med alvorleg hypersomni treng medikamentell behandling, administrert av nevrologar eller søvnspesialistar. Effekten av behandlinga er ofte svært god, og kan gjere at du kan leve eit relativt normalt liv. Det er vanleg å nytte sentralstimulerande legemiddel (mellom anna modiodal og ritalin) mot den ekstreme søvntrongen på dagtid.

 

Oppfølging:

Ved alvorlege hypersomniar bør du unngå å ha arbeid kor det er høge krav til aktsemd, som flypilot eller yrkessjåfør. Vanleg bilkøyring er tillat om du er velregulert på medikamentell behandling.

 

Meir informasjon om hypersomni:

 

Vil du vite meir om søvn?

 

På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), kan du finne mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.

Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)
En gruppe firkanter
Sist oppdatert 31.05.2024