Tilvising til Diagnostisk senter

Målgruppa for Diagnostisk senter er pasientar over 18 år med uspesifikke symptom på alvorleg sjukdom som det hastar å avklare, og som ikkje krev akutt innlegging.

Lege og pasient. Foto

​​​​​​​​​​Før tilvising

Lege må før tilvising gjere grunnleggande undersøkingar av pasienten, og gi informasjon til pasient og eventuel​t pårørande om kva ein mistenker, og kvifor ein ønsker vidare utgreiing.​
 
Tilvisande lege bør som hovudregel ringe og diskutere pasienten med lege eller pasientkoordinator ved Diagnostisk senter før tilvising. 
 

  • ​Pasientar med behov for akutt innlegging. Desse pasientane skal tilvisast sjukehuset via akuttmottak på vanleg måte.
  • Pasientar der innleiande undersøkingar og laboratorieprøvar gir mistanke om sjukdom i eit konkret organsystem eller ein bestemt diagnose. Tilvis pasienten direkte til relevant poliklinikk/avdeling. ​​

Sjukdomsbilete som vekkjer mistanke om alvorleg sjukdom varierer og kan vere tilvisande lege si kjensle av at pasienten er alvorleg sjuk. Det kan ofte omfatte eitt eller fleire av følgande primært nyoppståtte (i løpet av 6-8 veker) symptom utan klare årsaker:

  • ​Allmenn sjukdomskjensle
  • Asteni
  • Større, utilsikta vekttap
  • Feber utan sikker årsak
  • Uforklarleg lav hemoglobin (anemi)
  • Diffuse skjelettsmerter
  • Eitt eller fleire alarmerande laboratorieprøvar, som ikkje kan forklarast.
  • Markant auke i talet på kontaktar med helsevesenet hos ein pasient som tidlegare ikkje har vore ein brukar av helsevesenets tenester i særleg grad.
  • Markant auke i bruk av medisin (som for eksempel antibiotika eller analgetika) hos ein pasient som tidlegare ikkje har hatt behov for medisin i særleg grad.


  • ​Grundig anamnese
  • Temperatur, vekt
  • Grundig klinisk undersøking, inkludert inspeksjon av hud, palpasjon av ledd, lymfeknutar, mammae eller testes, gynekologisk undersøking og rektaleksplorasjon.
  • Laboratoriediagnostikk: Hgb, MCV, MCH, leukocyttar m/diff, retikulocyttar, trombocyttar, CRP, natrium, kalium, kreatinin (eGFR), kalsium (total), albumin, glukose, bilirubin, ALAT, ALP, amylase, LD, TSH, FT4. PSA hos menn>50 år. Ytterlegare blodprøvar ut frå konkret mistanke.
  • Urinprøve (stix for glukose, protein, leukocyttar, nitritt og blod)
  • Fæces for blod (same metode som blir brukt til screening av tjukk-og endetarmskreft). Om denne prøven er positiv må ein vurdere tilvising direkte til Pakkeforløp for gastrointestinal kreft framfor Diagnostisk senter.
  • Tilvisande lege bør opplyse om røntgenundersøkingar tatt siste år i tillegg til tentativ diagnose og aktuelle differensialdiagnosar.
  • Legen bør vere merksam på andre faktorar som kan forklare symptoma, til dømes primær psykisk sjukdom, polyfarmasi, biverknad av medikament eller demens.​

Før tilvising, må legen informere pasienten om at:

  • ​Det er mistanke om alvorleg sjukdom som kan vere kreft.
  • På grunn av dette blir pasienten tilvist til Diagnostisk pakkeforløp som inneber utgreiing i sjukehus.
  • Informasjon til pasienten om prøveresultat vil skje på sjukehuset.
  • Det kan vere bra for pasienten å ha med ein støtteperson til sjukehuset (må vurderast individuelt). 

Merk tilvisinga «Diagnostisk pakkeforløp – Mistanke om alvorleg sjukdom» og send til D​iagnostisk senter. 

Om tilvisinga ikkje blir sendt elektronisk må pasienten få med seg kopi.

Tilvisinga må: 
  • ​Innehalde informasjon om eventuell komorbiditet
  • Innehalde informasjon om psykiske, fysiske eller sosiale forhold som kan verke inn på vidare utgreiing og behandling, som behov for tolk, antikoagulasjonsbehandling, redusert nyrefunksjon, eller allergiar mot medikament eller kontrastmiddel.
  • Inkludere ein korrekt og oppdatert medikamentliste.
  • Ikkje vere prega av «klipp og lim» frå tidlegare journaldokument.
  • Gjere greie for resultat frå innleiande utgreiing (som blodprøvesvar), slik at desse er tilgjengelege for Diagnostisk senter.
  • Innehalde pasientens mobilnummer, då pasienten blir kalla inn per telefon. ​

Sist oppdatert 27.02.2023