KNF - Klinisk Nevrofysiologi

På avdeling for Klinisk Nevrofysiologi utfører vi undersøkingar av nervesystemet som kan avdekke eller avkrefte skade eller sjukdom i hjerne, ryggmarg, perifere nervar og musklar.

Undersøkingane kan gje svar på lokalisasjon og alvorlegheitsgraden av ein skade eller sjukdom og gje informasjon som har stor verdi for den vidare behandlinga. Klinisk nevrofysiologi er difor ein viktig del av utgreiinga innan mange medisinske fagfelt.

I tillegg til utgreiing av ulike tilstandar utfører vi funksjonstestar av nervesystemet i samband med kirurgiske inngrep, såkalla intraoperativ monitorering (IOM). IOM som blir brukt ved ortopediske operasjonar i rygg og nakke og ved nevrokirurgiske inngrep reduserer risikoen for skader på nervesystemet ved kirurgisk behandling. 
 
KNF er ein av dei største avdelingane innan klinisk nevrofysiologi i Norge og vi utfører årleg omlag 8000 undersøkingar.
 
Her arbeider 9 legar der seks er spesialistar i klinisk nevrofysiologi, tre leger i spesialisering, femten nevrofysiologi teknikarar og tre ingeniør.
 
Fleire av legane ved seksjon for klinisk nevrofysiologi arbeider også med forsking og utvikling, der i blant standardisering av EEG rapportering (Holberg EEG)

 

Skal du til klinisk nevrofysiologi for barn og unge?

Vi held til i Glasblokkene i 1. etasje i Blokk 8. 

Meir informasjon om klinisk nevrofysiologi for barn og unge
Mor og barn står utenfor hovedinngangen til Glasblokkene.

Kontakt

Telefon

Måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Telefaks

55 97 51 64
Måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg.

Klinisk nevrofysiologi barn og unge held til i Glasblokkene 1.etasje i Blokk 8.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Praktisk informasjon

Dersom du ønsker å avbestille eller endre ein time ved KNF, kan du logge deg inn på Helsenorge.no, eller ringe oss alle kvardagar. Treng du å avbestille mindre enn to kvardagar før avtalt time, må du kontakt oss per telefon. 

Polysomnografi (PSG) og Multippel søvnlatens test (MSLT) er tidkrevjande undersøkingar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, ber vi deg avbestille seinast 14 dagar  før. 

Dersom du ikkje møter til timen eller avbestiller innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med fastsett gebyr på kr 1600. Dette gjeld også deg som har frikort. 

Telefontid mellom kl. 08.00-15.00.  Telefon: 55 97 51 20. 

Logg deg inn på Helsenorge.no  

  • Her finn du timeavtalane dine 
  • Send ei melding til avdelinga dersom du treng å endre time eller gi andre opplysningar 

 

Innsyn for pårørande 

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, har du innsyn i timane deira.

 

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling