Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Afasi

Afasi er språkvanskar som kjem av sjukdom eller skade i eitt eller fleire av språkområda i hjernen eller i sambandet mellom desse områda.

Afasi er språkvanskar som kjem av sjukdom eller skade i eitt eller fleire av språkområda i hjernen eller i sambandet mellom desse områda. Hjerneslag, hovudskadar og svulstar er blant dei vanlegaste årsakene til afasi. Kor alvorleg afasien er og kor mykje betring ein vil ha avheng av fleire ting - mellom anna årsak til skade, lokalisasjon og grad av skade, samt om personen får hjelp av ein logoped. 

Personar med afasi har vanskar med eitt eller fleire av dei fire språklege områda: Snakke, forstå talespråk, lese og skrive.

Sist oppdatert 04.03.2024