Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stemmevanskar

Ein skil mellom organiske, funksjonelle og organisk-funksjonelle stemmevanskar.

Organiske stemmevanskar oppstår grunna organiske forandringar på stemmebanda eller på nervane som styrer stemmebandsmuskulaturen.

Funksjonelle stemmevanskar kan ein få grunna uhensiktsmessig bruk av stemma slik at det gjev problem over tid. Muskulære spenningar og kompensasjonar i ytre halsmuskulatur, tunge-og svelgmuskulatur vil ofte bidra til dette. Det same gjeld spenningar i nakke, skuldrar og kjeve. Uhensiktsmessig pusteteknikk kan også vere ei årsak til at stemma fungerer dårlegare over tid.

Ved organisk-funksjonelle stemmevanskar vil funksjonelle vanskar over tid kunne føre til organiske forandringar på stemmebanda som til dømes stemmeknutar eller polyppar.

Logopedane som jobbar med desse problema samarbeider med Øre-Nese-Hals (ØNH) poliklinikk som viser aktuelle pasientar vidare til logopedisk behandling. Dette vil i hovudsak vere pasientar med funksjonelle stemmevanskar.

Dersom ein har slike problem som er omtalt ovanfor kan ein få fastlegen til å henvisa til ØNH Laryngologisk poliklinikk ved Haukeland Universitetssjukehus. Der vil ein få ei vurdering av ØNH lege som dersom det er aktuelt vil vise vidare til logoped.

Sist oppdatert 04.03.2024