Nevrokirurgisk sengepost

Sengeposten ved Nevrokirurgisk avdeling har 20 sengeplasser fordelt på enkeltrom, tomannsrom og firemannsrom. I forlenginga av sengeposten finst ein nyoppussa spisestove som vi deler med dei medisinske postane i same etasje.

På sengeposten ligg det både barn og vaksne med sjukdom eller skade i nervesystemet, som skal opererast/har blitt operert, eller som står i fare for å måtte behandlast kirurgisk for sjukdommen eller skaden sin. Her ligg også pasientar som skal eller har blitt behandla i gammakniven.

Vi disponerer to operasjonsstover på Sentraloperasjonsavdelinga kvar dag, i tillegg til øyeblikkeleg hjelp (ØH) operasjoner på kveldar, om natta og i helgene etter behov.

Hovud behandlinga er spinal-, vaskulær-, tumor- og funksjonellkirurgi i tillegg til behandlingar ved traumatiske skader i hjerne og ryggmarg.

På sengeposten arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, sekretærar, pleieassistentar og leger saman med blant anna fysioterapeut, logoped og sosionom.

Kontakt

Telefon

Telefon:

55 97 37 30

Telefaks:

55 97 56 99

Slik finn du fram

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Besøkstida på sengeposten er mellom kl. 17.00 og 20.00. Pårørande kan også koma på besøk utanom besøkstida. Av omsyn til andre pasientar er det fint om de går ut av rommet til for eksempel buffeen eller andre fellesområde.

Kvinnelig ansatt i uniform foran PC. Foto
 

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Som pasient vil du få matservering på avdelinga eller du må sjølv gå ut i spisetova, som ligg i anslutning til avdelinga. I tillegg kan du kjøpa alt frå dagens middag til småretter, bakervarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finn du også fleire daglegvarebutikkar.
På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
Frukost,  kl. 08.00-09.00
Lunsj, kl. 12.00-13.00
Middag, kl. 16.00-17.00
Kveldsmat, kl. 20.00-21.00

Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om vekas meny på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytte seg av kantine, kiosk eller kafè. Er du forelder til barn under 16 år som er innlagt ved avdelinga, har ein av foreldra rett på mat frå avdelinga.

Spisestova
Spisestova som ligg i enden av avdelinga tilbyr matservering ved kvart måltid. Her blir freistande mat servert i ein hyggeleg atmosfære. Spisestova er bemanna med eige kjøkkenpersonell.

Spesielle matbehov
Om du som pasient ønskjer annan mat, tilbyr vi menyar til alle typar diettar og spesialkost. Nokre eksempel er allergitilpassa mat, vegetar og halal. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.