Gruppebilde av tilsette i sjukehuskorridor.

Nevrologisk akuttpost

Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3: Kronikareining, Generell eining og Slageining.

Nevrologisk akuttpost gir koordinert, tverrfagleg og spesialisert behandling i tråd med faglege retningslinjer og god klinisk praksis. 95 prosent av våre pasientar kjem til oss for øyeblikkeleg hjelp og 5 prosent er planlagde innleggingar. Vi tilbyr også poliklinikk og dagbehandling.

Kronikareining

Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga.

Slageininga

Slageininga tek årleg imot om lag 1000 pasientar med mistanke om akutt hjerneslag. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga.
 

Generell eining

Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelsar i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS.

Kontakt

Telefon

Sjukepleiarane er tilgjengeleg på telefon etter kl. 12.00.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gamle hovedbygg 1. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:30 - 19:30
  • Måndag 17:30 - 19:30
  • Tysdag 17:30 - 19:30
  • Onsdag 17:30 - 19:30
  • Torsdag 17:30 - 19:30
  • Fredag 17:30 - 19:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​For pårørande til langtidspasientar er det tilbod om kjøp av parkeringskort til redusert pris. Kontakt personalet for meir informasjon.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved posten, finst det to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss eller så kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestille time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakte oss på telefon.

Via internett

No kan du sjekke timeavtalane dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på internett ved å logge deg på Helsenorge. 

I tillegg til å sjå timen din kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • ​Få oversikt over timeavtalane dine
  • Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

​Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

​Fortsatt brev i posten

Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Du kan ringe ​måndag til fredag før kl. 15.30, telefonnummer står oppført i innkallinga di.

Treng du hjelp med å logge inn? 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

​​​Besøkstida ved avdelinga er mellom 17.30 og 19.30. Ver venleg å respektere desse tidene då våre pasientar treng mest mogleg kvile og ro. Etter avtale er det i spesielle tilfelle anledning å koma utan om besøkstida. I desse tilfella må besøket avtales med personalet på førehand.

Kvinnelig ansatt i uniform foran PC. Foto
 

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med.

Her er ei hugseliste som kan vere til nytte:
Du får dine medisiner av oss på avdelingen men ta med den faste medisinen du brukar da det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket. Bruk ikke egne medisiner uten å avtale dette med din ansvarlige sykepleier.

Ta også med ei liste over all medisinen du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.

Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.

Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli igjen heime.

På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet.

​Legen går visitt mellom kl. 09.00-11.30. Fredagar frå ca. kl. 10.00. Vi ynskjer då at du som pasient er tilgjengeleg på rommet.

Sjukepleiarane er tilgjengeleg på telefon etter kl. 12 for pårørande.
Alle tilsette har teieplikt. Dersom pårørande ringjer, vil vi berre gi opplysningar til den personen som pasienten sjølv har oppgitt som kontaktperson. Vi ynskjer at denne kontaktpersonen informerer eventuelle andre pårørande.

​​Vi tek i mot tilvisingar frå alle avdelingar på sjukehusa som har vaksne pasientar med språk- og kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar som har oppstått etter sjukdom eller skade.
 
Logopedtenesta skal sjå til at pasientar skal får ei optimal oppfølging for vanskane sine, og logopedane tek del i det tverrfaglege teamarbeidet rundt aktuelle pasientar.
 
Vi skal også bidra til at pasientane får eit godt rehabiliteringstilbod etter utskriving ved å formidla behov og rettar til ansvarlege instansar i kommunane.

​På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
Frukost, kl. 08.30-09.30
Lunsj, kl. 12.00-13.00
Middag, kl. 16.00-17.00
Kveldsmat, kl. 19.30-20.30

Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om meny på dei einskilde vekedagane på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytta kantine, kiosk eller kafeen i Sentralblokka. Er du foreldre til barn under 16 år, som er innlagt ved avdelinga, har ein av foreldra rett på mat frå avdelinga.

Spesielle matbehov
Om du som pasient treng allergitilpassa mat, vegetar eller annen spesialkost. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

Kvinnelig helsepersonell i møte med pasient. Foto

​Om du ikkje overnattar i sjukehuset, men er inne til utgreiing over fleire dagar, ​​blir innlegginga di registrert som dagopphald eller poliklinisk konsultasjon etter til einkvar tid gjeldande reglar for pasientreisar. Ver merksam på at du må betale eigendel ved poliklinisk konsultasjon.

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Avdelinga har ein trådlaus telefon for utlån til pasientar. Vi har ikkje eigne pasienttelefonar på romma.
Eigen mobiltelefon er lov å bruka inne på avdelinga med unnatak av einskilte rom, kor medisinteknisk utstyr kan påverkast. Telefonen skal vere avslått i tidsrommet 22.00-07.00.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Pasienten får oftast vite om utskriving på formiddagen same dagen som utreise skal skje. Denne dagen inneber som regel ein del venting for deg som skal reise. Du kan forvente utreise mellom kl. 15-17 same dag, dersom ikkje anna er avtalt på førehand. Dette på grunn av arbeid med rapportskriving, epikriser, eventuell sjukemelding og reseptar som må være ferdig før pasienten reiser frå sjukehuset.

Ofte er det fleire pasientar som reiser same dag, og alle fagpersonar som har behandla pasienten under innlegginga skal skrive sluttrapport.


Sjukemelding, utskrivingsskjema og ev. reseptar får du utreisedagen. Vennligst oppgi namn på primærlegen din, og han/ho vil då få sluttrapport for opphaldet.

Verdisaker
Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientane sine eigendelar. Vi rår deg difor til å la verdisakene ligge att heime.

Personalet på Nevrologisk avdeling har ikkje høve til å oppbevare verdisakene dine.

Trygg oppbevaring ved akutt innlegging
Verdisaker på meir enn kr. 10 000 blir levert til Hospitaldrift sikkerheit for oppbevaring i safe der. Verdisaker med innhald verdt kr. 10 000 eller lågare fylgjer deg til den avdelinga/posten som du skal vere på og du må sjølv passe på verdisakene dine.

Kurs og møter